Startar: 7 mai 2019 | KL 19:00
Sluttar: 7 mai 2019 | KL 21:00
Stad: Håland
Velkommen til songkveld på storgarden i Erfjord.
Inngong: kr 100, inkl. servering av kaffi og kake
Songkvelden er eit samarbeid mellom Ryfylkemuseet og Bygdekvinnelaget i Erfjord
Velkomen!
Songkveld på Håland er ein tradisjon og eit av de første vårteikna. I godt samarbeid med Erfjord Bygdekvinnelag inviterar me til ein hyggeleg songkveld. Med kvitveis og epleblomar pyntar me dei flotte stovene.
Håland er storgarden i Erfjord, og utgjer nydelege omgjevnadar for å komme saman og synge.
Huset er stelt og pynta med blomar, kaffi er kokt og kakene er bakt.
Alt ser ut til at det blir ein koseleg kveld, så da er det berre å komme!
Velkommen!
Arr. Ryfylkemuseet i samarbeid med Erfjord Bygdekvinnelaget