Vel stad

Ryfylke

Spennande skattar i Suldal

Fleire stader

Startar: 13 sep 2020 | KL 11:00

Sluttar: 13 sep 2020 | KL 17:00

Stad: Fleire stader

Ryfylkemuseet og Fortidsminneforeningen Ryfylke lokallag inviterer til medlemstur i Suldal søndag 13.september.

Program:
Det går føre seg mykje spennande handverksforsking på Ryfylkemuseet for tida med utgangspunkt i Kvednahola og Li. Me startar turen i Stålhallen i Gåsavika på Sand. Køyr inn til høgre etter bensinstasjonen.

11.00: Stålhallen: Museumshandverkar Kjell Gunnar Haraldseid: «På leit etter spor som kan fortella om sagbruksdrift i Ryfylke». Forskinga i Kvednahola er del av HårF prosjektet, eit nasjonalt forskningsprosjekt. Saga frå Kvednahola er under restaurering i hallen.

12.00: Kvednahola: Her blir det mulig å gå inn og ut av kvernhusa og sjå på tuftane til saga.

13.00: Garden Li: Høgt og fritt over Hylsfjorden. Tunet har ein mellomaldersk form, medan bygningane som står der er noko yngre. Mat og kaffi og mingling i tunet. Dørene til bygningane blir opne, så ein kan sjå seg om.

Føredrag i tunet:
Den nye bygningsantikvaren Simen Bie Malde: «Korfor er Li så viktig?».
Museet held og på med eit dokumentasjonsprosjekt i Li som blir presentert.
Alf Odden: «Kulturlandskapet i Li og den nye skjøtselsplanen».
16.00: Stampa på Kvæstad er ein av 5 ståande autentiske vadmålstamper i Norden, og er fortsatt brukande.
Gamle bygningsantikvaren Grete Holmboe: «Enklare kan det ikkje gjerast». Om bygning og stamping.

Kr. 300,- for medlemmer kr. 400,- for ikkje medlemmar.
Prisen inkluderer matpakke frå Brunsj og kaffi/te.
Kle deg etter veret.

Transport i privatbilar. Meld frå om du treng skyss. Me oppmodar vidare om å ta omsyn til smittevern, og ikkje delta om ein føler seg sjuk.

Grunna koronasituasjonen har me begrensa plass på turen. Me må difor be om bindande påmelding innan 10.september til
grete.holmboe@haugnett.no

Bli Medlem