Startar: 18 mai 2022 | KL 11:00
Sluttar: 18 mai 2022 | KL 12:30
Stad: Strandstaden Jelsa
Onsdag 18. mai avsluttar me småbarnskafésesongen med trilletur i strandstaden Jelsa
Bli med på trilletur på Jelsa onsdag 18. Mai!
Møt ved Jelsa Kyrkje 11.00 med barnevogn, rullator, sykkel eller rulleski og så triller me ein tur i den historiske strandstaden.
Museumspedagogen har bestilt sol, vindstille og gode forhold for ein guida omvising med stopp på fleire nøkkelstader i Jelsa kor ein kan pusta litt, nyte været, ta eit bilete til Instagram eller berre snakke. Museumspedagogen har og førbudd ein vits.
Dette er eit tilbod i forbindelse med arrangementet Internasjonal Småbarnskafè, men alle som er interesserte i ein spasertur kan vere med uansett alder eller forutsetningar. Museet opnar servicebygget, kor det er moglegheiter for å gå på do eller stelle småbarn. Trilleturen vil vara i ein klokketime.