Vel stad

Suldal

Ull og sau rundt Nord-Atlanteren: FORLENGA

Nesasjøhuset

Startar: 10 feb 2018 | KL 13:00

Sluttar: 13 okt 2018 | KL 15:00

Stad: Nesasjøhuset

Utstilling

Velkommen i utstillinga Ull og sau rundt Nord-Atlanteren.

Vi har fått utvida utstillingstida og utstillinga står ut haustferien, t/m laurdag 13. oktober.

 

 

 

 

ULL OG SAU RUNDT NORD-ATLANTEREN

Velkommen til utstillinga «Ull og sau rundt Nord-Atlanteren» på Ryfylkemuseet.

Dette prosjektet starta opp i 2010 og har vandra rundt Nord-Atlanteren i 7 år.

Utstillinga fortel om dei gamle sauerasene som vikingane frakta med seg frå Norge og viser ull, garn og produkt frå dei ulike områda i nordatlanteren: Norge, Island, Shetland, Færøyene, Orknøyene, Grønland, Ytre Hebridene og Isle of Man. Her har sau og ull vore viktige ressursar for å overleve.

Publikum vil få eit innblikk i sauehald, ullproduksjon, tekstilhandverk og samanhengen mellom sauehald og kulturlandskapet.

Utstillinga er laga av kunsthandverker og kulturformidlar Karin Flatøy Svarstad som har arbeidd med ull som materiale og har arrangert fleire kurs og studieturar til dessa landa i Vesterled.

Hjarteleg velkomne!

 

Utstillinga er i samarbeid med Suldal Husflidslag, Folkeakademiet i Suldal, Sand Bygdekvinnelag og Suldal Sau og geit.

Bli Medlem