Vel stad

Suldal

«Fåredrag» og marknad

Nesasjøhuset

Startar: 13 okt 2018 | KL 13:00

Sluttar: 13 okt 2018 | KL 14:00

Stad: Nesasjøhuset

Velkommen til foredrag!

Før utstillinga Ull og sau rundt Nord-Atlanteren riggast ned, kjem kunsthandverker og kulturformidlar Karin Flatøy Svarstad og held «fåredrag». I dag skal ho snakke om Shetland som eit godt eksempel på korleis ein kan ta i bruk ull frå villsau på forskjellige måtar.

Karin tar med seg ullprodukt frå villsau frå forskjellige stadar i Nord-Atlanteren, så det blir ein liten marknad med høve til å handle.

Inngang: kr 60

sal av kaffi og vaflar

 

Vandreutstillinga Ull og sau rundt Nord-Atlanteren (Wool and Sheep around the North Atlantic Sea) har stått på Ryfylkemuseet gjennom heile sommaren, og i dag er det siste dagen han står. Til avslutning kjem Karin som vil dela med oss meir om prosjektet hennes.

Prosjektet starta opp i 2010 og har vandra rundt Nord-Atlanteren i 7 år.

Utstillinga fortel om dei gamle sauerasane som vikingane frakta med seg frå Norge og viser ull, garn og produkt frå dei ulike områda i  Vesterled: Norge, Island, Shetland, Færøyene, Orknøyene, Grønland, Ytre Hebridene og Isle of Man. Her har sau og ull vore viktige ressursar for å overleve.

Publikum får eit innblikk i sauehald, ullproduksjon, tekstilhandverk og samanhengen mellom sauehald og kulturlandskapet.

Vandreutstillinga er laga av kunsthandverker og kulturformidlar Karin Flatøy Svarstad som har arbeidd med ull som materiale og har arrangert fleire kurs og studieturar til dessa landa rundt Nord-Atlanteren.

«Fåredraget» idag handlar om Shetland og dei gode initiativene det lokale samfunnet har starta opp for å ta ibruk ulla frå villsau.

Hjarteleg velkomne!

Utstillinga er satt opp i samarbeid med Suldal Husflidslag, Folkeakademiet Suldal, Sand Bygdekvinnelag og Suldal Sau og Geit

Bli Medlem