Vel stad

Suldal

Utstillingsopning og «fåredrag»

Nesasjøhuset

Startar: 10 feb 2018 | KL 13:00

Sluttar: 10 feb 2018 | KL 15:30

Stad: Nesasjøhuset

Velkommen til utstillingsopning

Opning av utstillinga Ull og sau rundt Nord-Atlanteren (Wool and Sheep around the North Atlantic Sea).

Arven etter vikingane: «fåredrag» og omvisning med Karin Flatøy Svarstad.

I pausa blir det høve til å handle div produkt ho har med seg (kun denne dagen)

Pris: kr 100,- (inkl. kaffe og enkel servering)

 

 

Ny vandreutstilling

Laurdag, 10. februar kjem vandreutstillinga Ull og sau rundt Nord-Atlanteren (Wool and Sheep around the North Atlantic Sea) til Ryfylkemuseet. Dette prosjektet starta opp i 2010 og har vandra rundt Nord-Atlanteren i 7 år.

Utstillinga blir sett opp i 2. etasje på Nesasjøhuset og vil stå t.o.m august, 2018.

Utstillinga fortel om dei gamle sauerasane som vikingane frakta med seg frå Norge og viser ull, garn og produkt frå dei ulike områda i  Vesterled: Norge, Island, Shetland, Færøyene, Orknøyene, Grønland, Ytre Hebridene og Isle of Man. Her har sau og ull vore viktige ressursar for å overleve.

Publikum vil få eit interessant innblikk i sauehald, ullproduksjon, tekstilhandverk og samanhengen mellom sauehald og kulturlandskapet.

Vandreutstillinga er laga av kunsthandverker og kulturformidlar Karin Flatøy Svarstad som har arbeidd med ull som materiale og har arrangert fleire kurs og studieturar til dessa landa rundt Nord-Atlanteren.

Utstillinga opnar med «fåredraget» Arven etter vikingane og Karin vil både fortelje og vise bilder frå landa i Vesterled.

Hjarteleg velkomne!

Utstillinga er i samarbeid med Suldal Husflidslag.