Vel stad

Sauda
SS-1990-2-1056

Utstillingsopning ‘Under røyken’

Industriarbeidarmuseet og Åbøbyen

Startar: 15 mai 2019 | KL 18:00

Sluttar: 15 mai 2019 | KL 20:00

Stad: Industriarbeidarmuseet og Åbøbyen

Vi inviterer til utstillingsopning på Industriarbeidarmuseet i Sauda.

«Under Røyken – om livet i Åbøbyen»

 

 

Industriarbeidarmuseet ligg i Haakonsgate 51-53 og er innreidd i ein tidlegare fire-familiebolig.

Desse boligane låg nærmast fabrikken og her kunne opptil 15 barn med foreldre bu på to rom og kjøkken.

I industriarbeidarmuseet i dag finn ein autentisk innreidde husvære i 1920- og 1960-talsstil og i dag opnar vi vår nye utstilling «Under røyken – om livet i Åbøbyen». Utstillinga fortel om korleis det var å vera industriarbeidarar, om fabrikken og livet i Åbøbyen.

Bli med på utstillingsopninga og følg med på våre opningstider slik at du kan besøke utstillinga i løpet av sommaren.

Hjarteleg velkommen!

Bli Medlem