Vel stad

FELLESTENESTENE

FELLESTENESTENE

Som oppfølging av tiltak i fylkeskommunen sin Regionalplan for museum 2011 – 2014, har det fram til 2017 blitt etablert ei rekkje fellestenester for musea i Rogaland. Fellestenestene består per i dag av eit samlingsforvaltningsteam, ein fotoarkivarstilling og ein bygningsantikvarstilling. Stillingane blei oppretta som mellombelse prosjektstillingar, med den målsettinga at dei etter kvart skal vidareførast som permanente tenester når form og innhald er godt etablert. Stillingane er finansiert av Rogaland fylkeskommune.

Les mer om arbeidet til fellestenestene på deira eiga nettside.

 

BYGNINGSANTIKVAR FOR REGIONMUSEA I ROGALAND

Ryfylkemuseet er vertskap for ein felles bygningsantikvar for musea i Rogaland.

Stillinga er ein del av Rogaland fylkeskommune sine fellestenester for samlingsforvalting ved musea i Rogaland. Antikvaren skal arbeida med å styrka bygningsvernet ved musea, kartlegga den lokale byggeskikken og auka kompetansen om denne, samt sikra system for dokumentasjon av bygningsmassen og FDV i PRIMUS. Stillinga har ei eiga nettside med meir informasjon.

Kirsten Hellerdal Fosstveit vart tilsett som bygningsantikvar for regionmusea i Rogaland i 2016.

Bygningsantikvaren er del av fellestenestene med fotoarkivar og eit samlingsteam.

Følg bygningsantikvaren i sosiale media: