FOLKEDANSKONSULENT 30% prosjektstilling

Ryfylkemuseet er regionmuseum for sju kommunar i Ryfylke. Hovudsete og kontorstad er på Sand i Suldal kommune. Museet vart etablert i 1981 og har museumsanlegg fleire stader i Ryfylke, fleire med faste opningstider om sommaren. Museet har 19 fast tilsette i ca. 15 årsverk. Hovudsatsingsområda er bygningsvern, folkemusikk, kulturelt mangfald og immateriell kulturarv. Barn og ungdom er ei prioritert målgruppe for museet. Administrasjonsspråket er nynorsk.

Folkemusikkarkivet for Rogaland høyrer til Ryfylkemuseet. Folkemusikkarkivet har heile Rogaland som ansvarsområde, og forvaltar ei større samling av folkemusikk frå regionen. Dessutan har arkivet stort fokus på formidling og gjennomfører kvart år mange  arrangement innan folkemusikk og folkedans. Dei viktigaste er konsertserien Folk på fredag i Suldal kulturhus, den årlege Folkemusikk- og folkedanshelga i Suldal og danse- og spelefesten Fuglen m/helgesamlingar for barn og unge i Stavanger. Fuglen og folkemusikk- og folkedanshelga er viktige rekrutteringsarenaer.

Me har ledig 30 % prosjektstilling som Folkedanskonsulent ved Ryfylkemuseet i perioden 01.09.22 – 31.12.24. Me jobbar for å auka stillinga til 50 %, men har førebels ikkje finansiering til dette. Stillinga blir ein del av Folkemusikkarkivet for Rogaland som er ei avdeling ved Ryfylkemuseet. Arbeidsstad etter avtale.

Som folkedanskonsulent vil du ha ansvar for:

  • folkedanstilbod for barn og unge i heile Rogaland
  • å jobba for auka tilbod i folkedans i kulturskulane i Rogaland
  • samarbeid med DKS Rogaland
  • å jobba for auka kompetanse innan folkedans blant lærarar i grunnskule og vidaregåande skule

 

Viktige arbeidsoppgåver kan vera:

  • prosjektsøknader, prosjektøkonomi, rapportering og evaluering av prosjekt
  • jobba med å gjennomføra prosjektet «Fuglen» og utvikla det vidare i samarbeid med Folkemusikkarkivet for Rogaland.
  • organisera danseøvingar og dansefestar i ulike kommunar i Rogaland
  • arrangera turnear med folkedansframsyningar og/eller workshops i barnehagar og skular i samarbeid med DKS og andre
  • arrangera kurs i folkedans for lærarar i grunnskule og vidaregåande skule

 

Me ønskjer oss:

ein kollega som er open, omgjengeleg, sjølvstendig og uredd, og som brenn for formidling av folkedans og folkemusikk. Du må kunna kommunisera godt med andre, og vera god å samarbeida med ulike folk. Du bør ha spesiell interesse for og/eller kompetanse innan folkemusikk og folkedans. Du bør ha erfaring frå prosjektleiing, administrasjon og søknadsskriving, og kunna uttrykka deg tydeleg og godt skriftleg og munnleg.

 

 

Kvalifikasjonar

Vi søkjer deg som

  • har erfaring frå prosjektarbeid
  • er dyktig til å skriva prosjektsøknader
  • kan styra prosjektøkonomi
  • har høgare utdanning innan relevante fag, til dømes folkemusikk, kulturhistorie,
  • har erfaring med digital formidling og SOME
  • har gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner
  • får ting til å skje, tek ansvar og likar å jobba med utvikling
  • likar å ha mange ballar i lufta samtidig, men også klarer å få dei ned
  • er positiv og bidrar til det gode arbeidsmiljøet vårt
  • er omgjengeleg, sosialt trygg og samlande

Me veit at ingen kan alt, men dersom du kjenner deg igjen i mykje av det du har lese, vil me veldig gjerne møta deg.

 

Anna informasjon

Me kan tilby:

  • eit inspirerande arbeidsmiljø med dyktige og entusiastiske kollegaer
  • god pensjons- og forsikringsordning
  • løn etter avtale og arbeidsvilkår etter Museumsoverenskomsten
  • fleksibel arbeidstid og arbeidsstad
  • hjelp til å finna bustad i Suldal om ein ønskjer det
  • moglegheit for fagleg utvikling

 

Spørsmål om stillinga kan rettast til direktør Anna Ehrhardt, 919 09 132, eller leiar for Folkemusikkarkivet for Rogaland, Åshild Vetrhus tlf 975 03 463

Søknadsfrist: 16. august

Søknad vedlagt CV og kopiar av vitnemål skal sendast som e-post til post@ryfylkemuseet.no, eller eventuelt skriftleg til Ryfylkemuseet, Nordenden 14, 4230 Sand.

Bli Medlem