Vel stad

SKULE

Me har museumsanlegg i heile Ryfylke, klikk på «Vel stad» i menyen over for å sjå kva de kan oppleve der de skal. Me tilbyr omvisningar på alle våre museumsanlegg.

Under finn de undervisningstilboda våre. Ring: 52 79 29 50 eller send e-post til: post@ryfylkemuseet.no for bestilling eller meir informasjon.

Undervisningsopplegga er tilpassa læreplan og kompetansemål.

Me har museumsanlegg i heile Ryfylke, trykk på «Vel stad» i menyen over for å sjå kva me har i din kommune. Mange av våre undervisningsopplegg kan tilbys fleire stader, og nokre kan me også ta med oss ut til skulane.

SMÅTRINN

Gamle leiker

Kompetansemål: utforske kulturminne og korleis menneska levde i den tida kulturminna er frå,
og samanlikne med korleis vi lever i dag

Tidsbruk: 1-2 skuletimar

Trinn: Kan tilpassast alle trinn på barneskulen og barnehagar.

Materiell: Museet tar med kostymer og materiell til gjennomføring av leikane.

Fag: Gym og Historie.

Gamle Leiker

FORTELJARSTUND I KVITEBJØRNEN

Stad: Nesasjøhuset

Lengde: 30 minutt eller lengre

Maks tal på elevar: 30

Pris: gratis

Relevant for kompetansemål i norsk

Utstillinga Kvitebjørnen er laga for barn og er basert på barneboka med same namn, av den lokale forfattaren Rasmus Løland (1861-1907).

Eit skulebesøk i Kvitebjørnen byrjar med ei forteljarstund. Då får elevane høyre kva som skjedde då Pål, Gunnar, Kolbein og Andres laga ein stor Kvitebjørn i snøen. Etterpå kan elevane kle seg ut som kongar og prinsesser for å leva ut rollene i forteljinga gjennom leik. Dei kan også leike som Løland sjølv gjorde, med kongler, kvistar og andre naturgjenstandar. Eit mål med utstillinga er å stimulera den skapande undringa hjå barna. Kvitebjørnen inviterer difor til internaktivitet.

Laftematikk

Kompetansemål:
samtale om bruk, funksjon og materialval i ulike
bygningar og lage skisser med forslag til ny arkitektur

Tidsbruk:
2 timer

Trinn:
Kan tilpassast 1 til 4 trinn

Fag:
Opplegget er tverrfagleg og er innom tema i norsk,
K&H, samfunnsfag og matematikk. Metoden som blir
brukt heiter Storyline.

MELLOMTRINN

Gamle leiker

Kompetansemål: utforske kulturminne og korleis menneska levde i den tida kulturminna er frå,
og samanlikne med korleis vi lever i dag

Tidsbruk: 1-2 skuletimar

Trinn: Kan tilpassast alle trinn på barneskulen og barnehagar.

Materiell: Museet tar med kostymer og materiell til gjennomføring av leikane.

Fag: Gym og Historie.

Gamle Leiker

Rosemåling

Kompetansemål:
Beskrive mangfaldet i klestradisjonar eller gjenstandar, inkludert samiske,
og lage eit produkt med inspirasjon frå kulturarv.

Tidsbruk:1-2 Skuletimar

Trinn:

Kan tilpassast 4-7 trinn.

Materiell: Museet tar med emne, måling og nokre døme på gjenstandar med rosemåling

Rosemåling

UNGDOMSTRINN

Bli Medlem