Folk på Fredag – 14. februar – Sand musikkorps + FLIFLET/HAMRE med ROLF-ERIK NYSTRØM

Folk på fredag er eit samarbeid mellom Kulturhuset i Suldal, Ryfylkemuseet og Drøs mat- og kaffebar. Konsertserien er støtta av Norsk kulturråd.

Kjøp billett på førehand på suldal.kulturhus.no

kl 19.00: DRØS opnar

kl 20.00: Konsertar: Sand musikkorps + FLIFLET/HAMRE med ROLF-ERIK NYSTRØM

Musikalsk vert: Mark Laurenson

Etter konsertane: Jam, prat og mat

Inngang kr 300,-

————————————————————–

FLIFLET/HAMRE med ROLF-ERIK NYSTRØM

Gabriel Fliflet (trekkspel, song) Ole Hamre (trommer, song, stepp og gryter), Rolf-Erik Nystrøm (saksofon)

Gabriel Fliflet og Ole Hamre har strødd dei musikalske forundringspakkane sine over land og strand i meir enn tretti år. Dei har vandra nye stiar, leika og lytta, og teke Edvard Grieg og Harald Sæverud med til balkanske dansefestar! Med ujamne mellomrom sveiper musikarane også innom Suldal, noko som suldølen tydeleg viser å setta pris på!

Fliflet og Hamre er fortsatt fulle av oppdagelseslyst og speleglede. Nå har dei med seg ein like leikelysten kar; saksofonist, improvisasjonsgeni og æresmusikar av Tadjikistan, Rolf-Erik Nystrøm! Saman med han svingar Fliflet/Hamre råare enn nokon gong, og det vare og poetiske får nye, vakre fargar.

Gjer klar for Balkan, Ivar Aasen, glad galskap og pur poesi – og sjølvsagt litt styrkande allsong!————————-

Sand musikkorps

Korpset, som starta som Sand skulekorps, feira ikkje mindre enn 70 års levetid i 2023! I fjor endra mykje seg då den nye dirigenten Webjørn Sæther kom på øving og kasta ut notane for å bringa jazzen, bluesen og samtidsmusikken inn i korpset. Korpset øver jamt og trutt kvar onsdag, nå kjem dei til Folk på fredag med 12 blåsarar og 4 på slagverk – i knallform!

____________________________

DRØS held ope og serverer fredagsdrikke og heimelaga mat etter ønskje.

__________________________________

Har du spørsmål om konsertane/Folk på fredag, kontakt Tove på tlf 959 24 144.

MEIR FOLK PÅ FREDAG:

14. mars: MALMIN med ÅSHILD VETRHUS + Knapp toradergruppe

____________________________________

Folk på fredag er eit samarbeid mellom Kulturhuset i Suldal, Ryfylkemuseet og Drøs matbar og kaffebar. Konsertserien er støtta av Norsk kulturråd.