Folk på Fredag – 17. oktober – FROM HALLINGDAL WITH LOVE + Suldal spelemannslag
Folk på fredag er eit samarbeid mellom Kulturhuset i Suldal, Ryfylkemuseet og Drøs mat- og kaffebar. Konsertserien er støtta av Norsk kulturråd.
Kjøp billett på førehand på suldal.kulturhus.no
kl 19.00: DRØS opnar
kl 20.00: Konsertar: FROM HALLINGDAL WITH LOVE + Suldal spelemannslag
Musikalsk vert: Mark Laurenson
Etter konsertane: Jam, prat og mat
Inngang kr 300,-
————————————————————–
FROM HALLINGDAL WITH LOVE + Suldal spelemannslag
Frå Hallingdal kjem Åsmund Jøtun (hardingfele, dans, song), Silje Liahagen (song, dans) og Lars Fivelstad Smaaberg (song, dans, hardingfele)
Åsmund, Silje og Lars er alle svært habile soloutøvarar med sterke tradisjonar frå Hallingdal i bagasjen. Dei har hatt store og prominente læremeistrar som har gitt dei gode vilkår for å utvikla personlege uttrykk og særpreg på fleire instrument og i dansen. Til oss kjem dei med song, spel, dans og fyr og flamme! Konserten blir ein demonstrasjon på det tette samspelet mellom musikken og dansen, og me kjem til å få oppleva heftig dans til både hardingfelespel og slåttetralling.
Den kortreiste delen av programmet er med Suldal spelemannslag (Bergit Tysseland, Grete Fylgjesvoll, Nina Bråtveit Sørestad, Nils Hoftun, Jonathan Lamoureux, Mark Laurenson, Tove Solheim)
Suldal spelemannslag har i fleire år delteke på både landskappleikar og andre kappleikar, oftast saman med Haugesund spelemannslag. Men så, i 2024, blei endeleg Suldal spel- og dansarlag formelt stifta! Kanskje dette er det yngste spelemannslaget i heile landet? Denne delen av konserten blir så superlokalt som ein kan få det, med både musikarar og musikk henta frå Suldal.
____________________________
DRØS held ope og serverer fredagsdrikke og heimelaga mat etter ønskje.
__________________________________
Har du spørsmål om konsertane/Folk på fredag, kontakt Tove på tlf 959 24 144.
MEIR FOLK PÅ FREDAG:
7. november NORDIC FIDDLERS BLOC + Folkemusikk- og dansekavalkade
____________________________________
Folk på fredag er eit samarbeid mellom Kulturhuset i Suldal, Ryfylkemuseet og Drøs matbar og kaffebar. Konsertserien er støtta av Norsk kulturråd.