Folk på fredag 20. september – REITIR + Belg & Boge

Folk på fredag 20. september – REITIR + Belg & Boge

Folk på fredag er ein konsertserie med folkemusikkfavorittar på kulturhuset i Suldal, – eit samarbeid mellom Ryfylkemuseet, Suldal kulturhus og Drøs.

Haustsesongen brakar laust med REITIR som hovudartist. Reitir er Aasmund Nordstoga (vokal) Ingebjørg Lognvik Reinholdt (vokal), Sarah Jane Summers (fele, song), Juhani Silvola (gitar), Morten Kvam (kontrabass, song).

Reitir spelar og syng skotske folketonar med tekstar av den skotske nasjonaldiktaren Robert Burns. To røynde kvedarar frå djupaste Telemark, saman med ein av samtidas beste skotske felespelarar, kan det bli betre? Ja, med virtuose gitarist Juhani Silvola, og allsidige Morten Kvam på kontrabass. Publikum får høyra freske arrangement av skotske folketonar og slåttar, og alt på klingande vest-telemål. Nye arrangement av folkekjære melodiar som «Auld Lang Syne» og «A Red Red Rose» vert blanda med skotske, fartsfylte dansesullar til livlegare dikt som «Rigs o’ Barley» og «Weary fa’ you Duncan Gray».

Peter Fjågesund, professor i britisk litteratur og kulturkunnskap, har omdikta Burns sine viser til dialekt. Burns skreiv sjølv på dialekt, og bruken hans av dialekt var viktig for han, for å gje prestisje og kraft bak språket til vanlege menneske. Med inspirasjon frå kveding og med Sarah Jane sine røter i den skotske tradisjonen, blir konserten eit eige lite grenseland ein stad uti Nordsjøen kor ein hyllar dialektar, dei folkelege visene og den nære poesien til folkediktaren Burns. 

————————————

Dei kortreiste artistane er ingen ringare enn Belg & Boge: Hanne Lund-Johansen, Martin Mikkelsen, Johan Hiim, Idolf Meland, Dagfinn Grov, Johannes Østerhus, Erling Rognskog (trekkspel), Sverre Vetrhus (gitar), Ingrid Roalkvam (bass). Belg & Boge held framleis koken, og etter over 30 aktive år er dei åtte personar på øvingane, kor fire av dei har vore med frå starten, og dei øver på Garaneset kvar torsdag. Dei spelar allslags gammaldansmusikk og litt til, og det rykker faretruande i dansefoten når dei set i gang.

Bestill billettar her: https://www.suldal.kulturhus.no/folk-pa-fredag-p7etg1x/

Me gler oss til nydeleg musikk, jam, prat og mat. Drøs held open kulturhus-kafè både før og etter konserten med god mat og drikke. Mark Laurenson er som alltid musikalsk vert og lydmann. 

————————————-

Neste Folk på fredag blir 8. november, med storstilt kavalkade med m.a. Alexander Røystrand, Synnøve Brøndbo Plassen og fleire av dei eminente lærarane frå Folkemusikk- og dansehelg.