Folk på Fredag – 26. september – MURAKAMI / FÆRDEN + Illia Smyrnov

Folk på fredag er eit samarbeid mellom Kulturhuset i Suldal, Ryfylkemuseet og Drøs mat- og kaffebar. Konsertserien er støtta av Norsk kulturråd.

Kjøp billett på førehand på suldal.kulturhus.no

kl 19.00: DRØS opnar

kl 20.00: Konsertar: MURAKAMI / FÆRDEN + Illia Smyrnov

Musikalsk vert: Mark Laurenson

Etter konsertane: Jam, prat og mat

Inngang kr 300,-

————————————————————–

MURAKAMI / FÆRDEN + Illia Smyrnov

Murakami/Færden er Tuva Færden (hardingfele, lyre, vokal) og Luiz Murakami (gitar, shakuachi, vokal). Saman gir dei oss eit glimt av verda sett med norsk-brasilianske auge gjennom nye komposisjonar og gammalt tradisjonsstoff.

Ein seier gjerne at musikk formidlar alle fargar i regnbogen, og det gjeld fullt og heilt Tuva Færden, anten det er i utøving på hardingfele, i folkesong, dans eller i utforsking av det klanglege og visuelle. I 2019 starta samarbeidet hennar med brasiliansk/japanske Luiz Murakami og dei knytte sterke musikalske band. Dei oppdaga mange spanande likskapstrekk mellom brasiliansk og norsk folkemusikk, og slik vart dei inspirerte til å utforska musikk frå ulike delar av verda. Nå er dei ute med det første albumet sitt! Her og på konsert tar dei oss med på ei fargerik reise i norsk, brasiliansk, kreolsk og japansk tradisjon. Reisa er uttrykksfull og leikande – overraskande og framoverlent.

Lokal artist denne kvelden er Illia Smyrnov. Illia kom til Sand frå Ukraina i 2023, i ein bil fullasta med den store lidenskapen hans: trommer. På Sand har han kone, døtrer, barnebarn og kattar, og frå augneblinken han sette føtene sine på den nye heimstaden, har han sett i gang med ulike formidlingsprosjekt og bidratt til engasjement, aktivitet og gode opplevingar. Illia har jobba med teater og musikk heile livet, både på og bak scenen. Me kjenner han gjennom samarbeid med kulturskulen og som skaparen av den fantastiske framsyninga «Det magiske vengeatelier» på Kulturhuset. Kva som blir bidraget hans på Folk på fredag, det vil tida visa!

____________________________

DRØS held ope og serverer fredagsdrikke og heimelaga mat etter ønskje.

__________________________________

Har du spørsmål om konsertane/Folk på fredag, kontakt Tove på tlf 959 24 144.

MEIR FOLK PÅ FREDAG:

17. oktober FROM HALLINGDAL WITH LOVE + Suldal spelemannslag

____________________________________

Folk på fredag er eit samarbeid mellom Kulturhuset i Suldal, Ryfylkemuseet og Drøs matbar og kaffebar. Konsertserien er støtta av Norsk kulturråd.