Folk på Fredag – 7. november – NORDIC FIDDLERS BLOC + Folkemusikk- og dansekavalkade
Folk på fredag er eit samarbeid mellom Kulturhuset i Suldal, Ryfylkemuseet og Drøs mat- og kaffebar. Konsertserien er støtta av Norsk kulturråd.
Kjøp billett på førehand på suldal.kulturhus.no
kl 19.00: DRØS opnar
kl 20.00: Konsertar: NORDIC FIDDLERS BLOC + Folkemusikk- og dansekavalkade
Musikalsk vert: Mark Laurenson
Etter konsertane: Jam, prat og mat
Inngang kr 300,-
————————————————————–
NORDIC FIDDLERS BLOC + Folkemusikk- og dansekavalkade
Nordic fiddlers bloc er Olav Luksengård Mjelva (hardingfele og oktavfele), Anders Hall (fele og bratsj), Kevin Henderson (fele). Dei gir oss feletradisjonar frå Shetland, Sverige og Norge, – live, med humor, humør og kjemi! Trioen er ei av dei mest aktive gruppene på den nordiske folkemusikkscenen, med over 700 spelte konsertar og tre kritikarroste album. Norge, Sverige og Shetland har tre av dei rikaste feletradisjonane i verda, med historisk kopling hundrevis av år tilbake. Nordic Fiddlers Bloc presenterer tradisjonane på ein spennande måte – med bruk av instrumentering, harmoniar og arrangement. Her er det lidenskap for musikken, engasjert formidling ispedd nokre røvarhistorier, og svært solid samspel. Intenst og oppkvikkande!
Den første delen av konserten blir ein kavalkade med litt av kvart. 7. – 9. november er det Folkemusikk- og dansehelg på Mo Laksegard, der rogalendingar møtest for å læra seg nye triks og ferdigheiter på ulike folkemusikkinstrument og på dansegolvet. Her får me sjå og høyra litt kva alle desse folka driv på med. Det blir song, spel og dans!
____________________________
DRØS held ope og serverer fredagsdrikke og heimelaga mat etter ønskje.
__________________________________
Har du spørsmål om konsertane/Folk på fredag, kontakt Tove på tlf 959 24 144.
MEIR FOLK PÅ FREDAG:
Programmet for 2026 kjem plutseleg.
____________________________________
Folk på fredag er eit samarbeid mellom Kulturhuset i Suldal, Ryfylkemuseet og Drøs matbar og kaffebar. Konsertserien er støtta av Norsk kulturråd.