Informasjonskveld

Informasjonskveld

Kor og korleis søke støtte til kulturminne?

Informasjonskveld om aktuelle støtteordningar til verneverdige bygningar. Det blir også gjennomgang av korleis ein kan gå fram for å hente fram informasjon om sin eigen bygning frå ulike kjelder, og praktiske råd om restaureringsprosessar. For huseigarar, handverkarar, sakshandsamarar og andre interesserte.

Kurshaldarar er representantar frå Fortidsminneforeininga og Ryfylke bygningsvernsenter, samt representantar frå støtteordningar som Rogaland fylkeskommune, Statsforvaltaren og Kulturminnefondet.

Gratis arrangement.

Målgruppe: Huseigarar, handverkarar, sakshandsamarar og andre interesserte.

Stad: Spinneriet, Hjelmeland

Tid: 2. oktober kl. 16:30 – 20:00

Påmelding: Påmelding innan 28. september til bygningsvernsenter@ryfylkemuseet.no

Påmelding er bindande etter påmeldingsfrist.

Eventuelle spørsmål kan rettast til same e-post.

Kurshaldarar: Grete Holmboe, Simen Bie Malde, representantar frå støtteordningar

Gratis arrangement.

2. oktober kl. 16:30-20:00

Spinneriet, Hjelmeland