Juletre i Ryfylke
Har du lurt på kven som pynta det første juletreet i Ryfylke? Dette og meir til får du svar på i denne stemningsfulle utstillinga.
Gratis inngang for barn iflg. med betalande vaksen.
Ryfylkemuseet si juleutstilling «Juletre i Ryfylke» tek deg på ei reise i juletrehistoria til Ryfylke.
Utstillinga viser historiske tre frå Ryfylke frå 1874 og fram til 1960-talet, pynta etter skildringar frå dei som opplevde trea.
Det er fleire nye element og tre og sjå på både inne og ute sidan i fjor. I år viser me mellom anna eit tre pynta med heimelaga pynt av elevar ved skulen på Nesflaten – og som vanleg inviterer me dykk til å bidra med utsmykkinga av eit av trea.
Utstillinga er open tysdag til laurdag kl. 10-15 fram til og med 21. desember. Velkomen.