Komposisjonsmåling
Praktisk kurs der me lagar komposisjonsmåling frå botn og måler eit hus med denne målinga.
Komposisjonsmåling er ein billeg og miljøvennleg måling som ein tidlegare brukte på bygningar med uhøvla kleding. Det er særleg eldre driftsbygningar som har hatt slik måling, fram til nyare målingar overtok. Gjennom dette praktiske kurset skal me lage eigen måling frå botn og måle eit hus med denne målinga. For huseigarar og andre interesserte.
Kurshaldar er Tor Jurs Meusburger, som er dagleg og fagleg leiar ved Malermester Meusburger i Odda. Meusburger har mykje erfaring med antikvarisk målararbeid på verneverdige og freda bygg, t.d. linoljemåling og komposisjonsmåling.
Målgruppe: Huseigarar, handverkarar og andre interesserte.
Stad: Viga, Hjelmeland
Tid: August (1 dag, dato kjem)
Pris og betaling: 200,- inkludert lunsj. Betaling ved oppmøte eller faktura.
Påmelding: Påmelding til bygningsvernsenter@ryfylkemuseet.no. Påmeldingsfrist blir oppgitt så snart detaljar er klare.
Påmelding er bindande etter påmeldingsfrist. Full betaling krevst sjølv utan oppmøte.
Eventuelle spørsmål kan rettast til same e-post.