Kurs i høvelmaking

Kurs i høvelmaking

Høvelen var sjølvskriven i verktøykassa til handverkaren i tidlegare tider. Godt utover 1900-talet vart dei fleste bygningsdelar ferdigstilt for hand på snikkaren sin høvelbenk eller på byggeplass. Men høvelen er framleis god å ha i dag for dei som veit å bruke den.

I dette kurset vil du lære korleis du kan lage din eigen høvel for bruk i eigne prosjekt. Kurset inneheld både teori og praksis, og kvar deltakar får med sin eigen okshøvel som kan brukast til grovskrubbing eller finhøvling. Røynde deltakarar kan få velje å lage profilhøvlar. Kurset er meint for handverkarar.

Instruktørar

Sven Hoftun og Kjell Gunnar Haraldseid, handverkarar på Ryfylkemuseet.

Begge har inngåande kjennskap og erfaring innan bygningsvern og tradisjonshandver, og har bachelorgrad frå NTNU i tradisjonelt bygghandverk.

Tid og stad

Sand, Suldal

Torsdag 7. og fredag 8. november kl. 09:00-15:00

Pris, påmelding og spørsmålKurset kostar 2 500,- som inkluderer høvelstål og anna kursmateriale, samt lunsj. Påmelding innan 3. november til bygningsvernsenter@ryfylkemuseet.no

Eventuelle spørsmål kan rettast til same e-post eller tlf. 40 18 36 02