På skulebenken hjå Jelsapresten

På skulebenken hjå Jelsapresten

Høyrt uttrykket «Skriv det på Jelsapresten»?

På tur med Jelsapresten får du gå i fotspora til Jelsapresten gjennom den idylliske, kvite trehusbusetnaden i det som er den best bevarte strandstaden i Ryfylke.

Du får høyra levande historier frå bygda og personane som budde der. Det blir også ein tur innom Jelsa sitt historiske skulehus, der skulehaldaren står klar til å overhøyra deg i barnelærdomen din og visa fram skulelivet slik det var på midten av 1800-talet.

Turen går sjølvsagt også innom Jelsa kyrkja, frå 1600-talet, med handmåla stjernehimmel og gripande presteforteljingar.