Produksjon av varevindauge
Er du eigar av eit hus me gamle vindauge? Gjennom dette kurset lærer du korleis du kan lage varevindauge for å betre på varmetapet.
Dette er eit praktisk kurs der me lagar nye varevindauge. Kurset består av ein kombinasjon av arbeid med handverktøy og maskinar, med hovudvekt på det første. Deltakarar kan ta med eigen karm for å få laga varevindauge til desse. Hovudvekta på kurset blir praktisk arbeid, men det blir også gitt noko teori og gjennomgang av ulike løysingar. Deltakarar må ha grunnleggande erfaring med snikkararbeid. Kursavgift inkluderer alt av kursmateriale og lån av verktøy, samt lunsj. Alle deltakarar får med seg heim sitt eige varevindauge. Deltakarar må sjølv syte for personleg verneutstyr.
Kurshaldar er Ellev Steinsli, snikkar og tidlegare stipendiat på Norsk Håndverksinstitutt. Ellev har inngåande kjennskap til tradisjonell produksjon av dører og vindauge, både på industrielt og førindustrielt vis. I løpet av stipendiatperioden har han sett nærare på historie, produksjon og materialval for å sikre lang levetid på desse bygningsdelane.
Målgruppe: Huseigarar, handverkarar og andre interesserte.
Stad: Snikkarbuå i Mølleparken på Tau, Strand
Tid: Tysdag 18. – fredag 21. februar kl. 09:00-15:00
Pris og betaling: 2500,- inkludert lunsj, samt kursmateriale. Betaling ved oppmøte eller faktura.
Påmelding: Påmelding innan 9. februar til bygningsvernsenter@ryfylkemuseet.no
Påmelding er bindande etter påmeldingsfrist. Full betaling krevst sjølv utan oppmøte.
Eventuelle spørsmål kan rettast til same e-post eller tlf. 401 83 602