Restaurering av vindauge

Restaurering av vindauge

Har du eit gamalt vinduage som treng vøling? Då er dette kurset for deg. Me går gjennom korleis ein går fram for å vøle eldre vindauge av tre med kittfals.

Kurset tek føre seg HMS og førebuing, skraping og fjerning av måling, kitt og ruter, reparasjonar og montering av nye ruter, samt oljing, måling og rustbehandling. Handverkarane på Ryfylkemuseet viser fram sine beste triks for å få gode resultat. Etter fullført kurs skal du sjølv kunne restaurere eigne vindauge. Det blir også ei kort innføring i stilhistorie. På dette kurset kan du ta med eiget vindauge for å restaurere dette, eller øve deg på det me har på lageret vårt.

Kurset er eit samarbeid mellom Ryfylke Bygningsvernsenter og Fortidsminneforeininga. Deltakarar må sjølv syte for personleg verneutstyr.

Målgruppe: Huseigarar, handverkarar og andre interesserte.

Stad: Sand, Suldal (nærare beskjed blir gitt til deltakarane)

Tid: Onsdag 15., 22. og 29. januar kl. 17:00 – 21:00

Pris og betaling: 2500,- inkludert kaffi/te og kaffimat, samt forbruksvarer som linoljekitt, kritt, stifter og trevirke. Betaling ved oppmøte eller faktura.

Påmelding: Påmelding innan 12. januar til bygningsvernsenter@ryfylkemuseet.no

Påmelding er bindande etter påmeldingsfrist. Full betaling krevst sjølv utan oppmøte.

Eventuelle spørsmål kan rettast til same e-post eller tlf. 401 83 602