Tekking med villheller (dato kjem)

Praktisk kurs der me skal tekke eit tak med villheller, ein lokal byggjeskikk me finn mykje av i Hjelmeland og på Ryfylkeøyane.

Gjennom dette kurset skal eit nytt tak bli tekt med grove skiferheller som er lite bearbeida etter uttak frå brotet. Dette kallar me villheller. Det finst ulike måtar å tekke tak med slike heller, men i dette kurset har me fokus på tekkinga slik den tradisjonelt har blitt gjort i vår region. Innfesting både med trenagler og skruer blir demonstrert på kurset, men på sjølve taket fester me hellene med trenagler.

Kurshaldarar er handverkarar på Ryfylkemuseet og Jan Gunnar Helmikstøl, som har mykje erfaring med tekking og vedlikehald av slike tak. Mellom anna er dei fleste bygga i museumstunet Viga tekt med slike heller, og kurshaldarane har nyleg tekt om taket på Årdal gamle kyrkje som har tilsvarande tak.

Kurset går føre seg på Forøya som ligg mellom Byre og Børøy. Det blir satt opp eigen båt til og frå kursstaden. Meir informasjon blir gitt til deltakarane.

Målgruppe: Handverkarar eller privatpersonar som skal vøle eigne tak.

Stad: Forøya, Stavanger kommune

Tid: September (3 dagar, dato kjem)

Pris og betaling: 2500,- inkludert lunsj. Betaling ved oppmøte eller faktura.

Påmelding: Påmelding til bygningsvernsenter@ryfylkemuseet.no. Påmeldingsfrist blir oppgitt så snart detaljar er klare.

Påmelding er bindande etter påmeldingsfrist. Full betaling krevst sjølv utan oppmøte.

Eventuelle spørsmål kan rettast til same e-post.