Tekking med villheller

Tekking med villheller

Praktisk kurs der me skal tekke eit tak med villheller, ein lokal byggjeskikk me finn mykje av i Hjelmeland og på Ryfylkeøyane.

Gjennom dette kurset skal eit nytt tak bli tekt med grove skiferheller som er lite bearbeida etter uttak frå brotet. Dette kallar me villheller. Det finst ulike måtar å tekke tak med slike heller, men i dette kurset har me fokus på tekkinga slik den tradisjonelt har blitt gjort i vår region. Innfesting både med trenagler og skruer blir demonstrert på kurset.

Kurshaldarar er handverkarar på Ryfylkemuseet, som har mykje erfaring med tekking og vedlikehald av slike tak gjennom å ha arbeida på museet sine bygningar. Mellom anna er dei fleste bygga i museumstunet Viga tekt med slike heller, og våre handverkarar har nyleg tekt om taket på Årdal gamle kyrkje som har tilsvarande tak.

Målgruppe: Handverkarar eller privatpersonar som skal vøle eigne tak.

Stad: Viga, Hjelmeland

Tid: September (3 dagar, dato kjem)

Pris og betaling: 2500,- inkludert lunsj. Betaling ved oppmøte eller faktura.

Påmelding: Påmelding til bygningsvernsenter@ryfylkemuseet.no. Påmeldingsfrist blir oppgitt så snart detaljar er klare.

Påmelding er bindande etter påmeldingsfrist. Full betaling krevst sjølv utan oppmøte.

Eventuelle spørsmål kan rettast til same e-post.