Utstillingsopning – 28. mai kl. 18.00
Velkomen til opning av utstillinga Kva amerikakista gøymde: Utvandring frå Ryfylke på 1800-talet på Nesasjøhuset onsdag 28. mai kl. 18.00.
Kven var dei som utvandra frå Ryfylke til Amerika på 1800-talet? Korleis såg dei ut, og kva valde dei å ta med seg då dei reiste? Dette og meir kan du få med deg i Ryfylkemuseet si utstilling på Nesasjøhuset. Utstillinga løftar fram menneska bak utvandringshistoria, med særleg fokus på tekstil og draktkultur. Gjennom klede, handverk og personlege gjenstandar gir ho eit innblikk i kvardagsliv, identitet og håp i møtet med ei ny verd.
Enkel servering og innslag frå Folkemusikkarkivet for Rogaland.
Kl. 19.00 vil Målfrid Grimstvedt gje ei omvising i utstillinga og orientera om arbeidet med folkedrakta i Rogaland, og om den norske bunadstradisjonen som i fjor fekk plass på Unesco si verdsarvliste, der Målfrid var ein del av den norske delegasjonen.
Arrangementet er ein del av utvandrarmarkeringa Crossings200.
