Huskonsert, dans og jam

HUSKONSEERT; DANS OG JAM

Laurdag 12. november kl. 20.00
Mo laksegard

Folkemusikk- og dansehelga i Suldal trekkjer til seg musikarar og dansarar på profesjonelt nivå frå heile Noreg, og på huskonserten gler me oss til å sjå dei framføra nydeleg musikk og dans. Deltakarane på dei ulike spel- og dansekursa får også visa fram kva dei har lært i løpet av helga.

Huskonserten er heilt unik og gjev deg garantert god stemning. Etter konserten blir det spel og dans utover kvelden og natta, så lenge strenger og føter held.

Ope for alle, gratis inngang.

 

Arrangementet er ein del av Ryfylkefestival for tradisjon og kultur

Bli Medlem