KURS I SLIPING AV VERKTØY
Laurdag 12. november 2022 kl. 11.00-13.00 / 14.00-16.00
Verkstaden på Ryfylkemuseet (Nybygget)
Deltakarane får ein innføring i korleis ein kan slipe eggverktøy slik som stemjern, høvelstål, ljå, øks og liknande. Det er moglegheit for å ta med eige verktøy for å slipe dette. Ryfylkemuseet stiller med bryner av ulike slag.
Det blir to kurs denne dagen. Det første frå kl. 11.00-13.00 og det andre frå kl. 14.00-16.00.
Museet stiller med bålpanne, pølse, lompe/brød og sosial varme rundt maten. Du er òg velkomen til å ta med deg eigen grillmat.
Pris: kr. 300. inkl. grilling (etter første kurs / før andre kurs)
Maks. 6 deltakarar per kurs
Det er ynskjeleg om du tek med deg passande verktøy og utstyr sjølve, om du har. Museet suplerer ved behov.
Påmeldingsfrist 26. oktober
Kurset er ein del av Ryfylkefestival for tradisjon og kultur
Binande påmelding innan 26. oktober