LEDIGE STILLINGAR

Ryfylkemuseet er eit kulturhistorisk museum stifta i 1981 med 18 fast tilsette og eit par større prosjektstillingar. Vi har samlingar og anlegg i og frå heile Ryfylke-regionen. Museet har hovudsete og kontorstad på Sand i Suldal. Administrasjonsspråket er nynorsk.

Formålet til Ryfylkemuseet er å vere ein inkluderande møtestad for kunnskap og opplevingar, og ein samfunnsaktør som bidrar til positiv bygdeutvikling. Museet har fagavdelingar som skal ivareta den museale verksemda.

Ryfylkemuseet har i lang tid satsa på bygningsvern og tradisjonshandverk. Det er bygningsavdelinga som har ansvaret for dette arbeidet hjå oss. Mellom anna skal avdelinga syte for vedlikehald av museet sine eigne anlegg. I tillegg har museet ei satsing på Ryfylke bygningsvernsenter, der me tilbyr tenester til privatpersonar og eigarar av verneverdige bygningar.

Bygningsavdelinga har i dag seks faste stillingar: Ein avdelingsleiar, fire handverkarar og ein bygningsantikvar. Avdelinga er i vekst som følgje av satsinga på Ryfylke bygningsvernsenter. Det daglege arbeidet er variert, og vekslar mellom vedlikehald ute på anlegga, verkstadarbeid, kurs og planlegging. Museet driv òg med forsking på tradisjonshandverk.

Ledig stilling – Vaktmeister

Me søkjer nå etter ein sjølvstendig og ansvarsfull person til den tekniske drifta av museet. Arbeidsoppgåvene vil finne stad på tvers av museet, men stillinga er administrativt plassert under bygningsavdelinga. Dette er ei fast 50 % stilling (i snitt 19 timar pr. veke). Det kan vera aktuelt å utvide stillinga, særleg i sommarhalvåret i samband med klargjering og opning av anlegga for sesongen.

Arbeidsoppgåver er mellom anna:

  • Eigenkontroll av VVS, el- og brannanlegg
  • Skjøtsel av hage/grøntareal og kulturlandskap
  • Vedlikehald og dagleg drift/oppsyn av museumsbygningane
  • Hjelpe til med utstillingar og drift i sesongen

Større restaureringsprosjekt vil bli gjort i lag med handverkarane på Ryfylkemuseet, og det vil vera gode moglegheiter for å jobbe i lag og læra om tradisjonshandverk når tilhøva ligg til rette for det.

Me søker deg som:

  • Har erfaring med teknisk drift av bygg og anlegg
  • Er interessert i tradisjonshandverk og bygningsvern
  • Er sjølvgåande og villig til å ta ansvar
  • Har førarkort (klasse B, men gjerne også klasse BE/B96)
  • Er kompetent på å bruke PC for dokumentasjon og oppfølging av FDV-oppgåver
  • Beherskar norsk munnleg og skriftleg

Stillinga vil innebere ein del reisetid, då Ryfylkemuseet disponerer bygningar i heile regionen. Museet stiller med eigen bil til dette. Arbeidsstad vil primært vera på Sand i Suldal. Arbeidstida er fleksibel, med kjernetid måndag-fredag mellom 0900 og 1430. Enkelte dagar eller periodar med kvelds- og helgearbeid må òg påreknast. Stillinga har fast løn.

Spørsmål om stillinga kan rettast til avdelingsleiar Simen Bie Malde (simen.bie.malde@ryfylkemuseet.no) eller driftsleiar Sven Hoftun (sven.hoftun@ryfylkemuseet.no).

Søknadsfrist: 31. desember

Søknad med CV og evt. kopi av arbeidsattest sendast som e-post til post@ryfylkemuseet.no eller skriftleg til Ryfylkemuseet sin adresse: Nordenden 14, 4230 SAND.

Bli Medlem