MAT OG MÅLTID

Utfyllende opplysninger om mat og måltid.

Det aller meste av maten på gardane var laga av det garden og sjøen gav. Kvardagsmaten var enkel, men helsesam. Det gjekk mykje i flatbrød, suppe og graut laga av havremjøl. I tillegg hadde dei eplekake (potetkake) og syrekake. Til middag var det fisk og noe salt kjøt.

Utover 1800-talet vart det vanleg å dyrka poteter, og først på 1900-talet vart det vanleg med omnsbakte brød.

 

Fire måltid om dagen, og fem måltid under slåtten
6- tida – Åbeten:
9-tida – Morgons:
12-tida – Middag:
3-4-tida – Non:
8-tida – Kveldsmat:
Mjølk og hedlekake eller liknande.
Kaffi og hedlekake med smør og fatost.
Fisk, sild med poteter og flatbrød. Stundom kjøt.
Rester frå middagen eller havremjølsuppe med flatbrød attåt.
Graut og mjølk eller poteter og mjølk.
Flatbrød oppsmuldra i surmjølk, sodl, vart og brukt.
Utover 1900 – talet såg måltida slik ut:
Morgonsmat: Kaffi og heimebaka brød med smør og kanskje fatost, sukker eller syltetøy.
Middag: Salt kjøt, komler, steikt flesk, spekesild, mort, sei eller makrell.
I slaktetida om hausten: ferskt kjøt, blodkomler eller blodpannekaker.
Mellommat: Brødmat og kaffi
Kveldsmat: Havregraut av sammale mjøl.
Surmjølk og poteter, eller saup og poteter.

Separator
Separatoren var ei teknisk nyvinning som forenkla mjølkestellet. Den gamle måten var at ein måtte vente til mjølka var sur før ein kunne skilje frå fløyten på toppen av mjølkefatet. No tømde ein søtmjølka opp i separatoren og tok til å sveiva. Fløyten vart skild frå ved sentrifugeprinsippet og rann ut gjennom det eine røyret, og skummamjølka i det andre. Det var i åra etter 1900 at separatoren vann brei inngang på gardane i Rennesøy.

Kaffi
Kaffien vart tatt i bruk i det daglege kosthaldet på Rennesøy utover 1800-talet og vart etterkvart tatt i bruk til dei fleste måltid. Somme stader erstatta kaffien mjølka som vart levert til meieriet. Dette gjekk utover helsa.

Utfyllande opplysningar om mat og måltid.

Bli Medlem