Fast stilling som museumspedagog 100%

Ryfylkemuseet er eit kulturhistorisk museum stifta i 1981 med 19 fast tilsette og eit par større prosjektstillingar. Vi har samlingar og anlegg i og frå heile Ryfylkeregionen. Museet har hovudsete og kontorstad på Sand i Suldal.  Barn og ungdom er ei prioritert målgruppe for museet. Administrasjonsspråket er nynorsk.

Formålet til Ryfylkemuseet er å bevare og formidle historia til regionen vår, å vere ein inkluderande møtestad for kunnskap og opplevingar, og ein samfunnsaktør som bidrar til positiv bygdeutvikling. Hovudsatsingsområda er inkludering og mangfald, og immateriell kulturarv med særskilt fokus på folkemusikk, bygningsvern og tradisjonshandverk.

Ryfylkemuseet har fagavdelingar som skal ivareta den museale verksemda. Forskings og – formidlingsavdelinga består av ein avdelingsleiar/forskar, ein publikumsansvarleg og ein museumspedagog. I tillegg kjem eit varierande tal sommarvertar og midlertidig tilsette. Avdelinga har eit breitt arbeidsfelt med stor variasjon i kvardagen. Den som blir tilsett, vil kunne vere med og påverke utviklinga i avdelinga og eiga stilling betydeleg.

 

Om stillinga

Ryfylkemuseet har ledig fast stilling som museumspedagog i 100%. Som museumspedagog vil du ha hovudansvar for utvikling og gjennomføring av:

  • Pedagogiske formidlingsopplegg for skule og barnehage
  • Formidlingsopplegg og omvisingar for andre målgrupper
  • Kontakt med skular, barnehagar og DKS

Dessutan vil viktige arbeidsoppgåver vere:

  • Delta i utvikling og formidling av faste og mellombelse utstillingar på museet
  • Utvikling og produksjon av nye formidlingsopplegg og innhald for digitale kanalar
  • Planlegging og gjennomføring av arrangement
  • Delta i planlegging og gjennomføring av sommarsesong
  • Vere aktiv i faglege nettverk, internt og eksternt
  • Bidra til utviklingsarbeid og felles prosjekt i avdelinga og museet elles
  • Samarbeide med eksterne partnarar på tvers av regionen
  • Bidra til god HMS, opplæring av museumsvertar og miljøarbeid i museet
  • Oppfølging av og samarbeid med frivillige

Arbeidet ved museet er delvis prega av sesongsvingingar, og du må rekne med intensive arbeidsperiodar, så vel som noko arbeid på kveldstid og i helg. Du må og rekne med ein del reiseverksemd.

 

Kven ønskjer vi oss

Vi ønskjer oss ein ny kollega som er sjølvstendig og uredd, og som brenn for formidling, særleg til barn og unge. Som del av eit team må du kunne levere det du lovar, fungere godt i lag med dei andre og vere ein positiv stemme i arbeidsmiljøet. Viss du har spesiell interesse og/ eller kompetanse innan satsingane våre (tradisjonshandverk, folkemusikk, mangfald og inkludering), er det ein fordel.

 

Kvalifikasjonar

Vi søkjer deg som har

  • erfaring frå museum eller anna kulturformidling.
  • høgare utdanning innan relevante fag, til dømes historie, etnologi, arkeologi, pedagogikk, folkemusikk, mm.
  • erfaring med utøvande formidling for barn og unge
  • gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner
  • gjerne erfaring med digital formidling.
  • førarkort.

Det er ulike fagbakgrunnar og kompetansar som kan vere interessante for stillinga. Vi vil vurdere kompetansen din ut frå korleis den passar inn og styrker kompetansen i avdelinga som heilheit. For oss er det viktig at du passar inn i teamet, og vi vil difor legge vekt på personleg dugleik.

 

Personlege eigenskapar

Vi søkjer ein engasjert, sjølvgåande og innovativ person, som trivs med menneskjer og er god på å bygge nettverk og å kommunisere. Du vil vere med å utvikle og styrke museet som arena for kunnskap og opplevingar.

Vi søkjer deg som

  • er sjølvgåande, tek ansvar, men likar og jobba i eit team.
  • er kreativ og ikkje er redd for å tenke ut av boksen.
  • Kan få nye idear til å blomstre.
  • får ting til å skje og likar å jobbe med utvikling.
  • liker å ha mange ballar i lufta samtidig, men og klarer å få dei ned.
  • er positiv og bidrar til det gode arbeidsmiljøet vårt.
  • er omgjengeleg, sosialt sikker og samlande.

Vi veit at ingen kan alt, men viss du kjenner deg igjen i mykje av det du har lest, vil vi veldig gjerne møte deg.

 

Anna informasjon

Vi kan tilby:

  • eit inspirerande arbeidsmiljø med dyktige og entusiastiske kollegaer
  • god pensjons- og forsikringsordning
  • løn etter avtale og arbeidsvilkår etter Museumsoverenskomsten
  • fleksibel arbeidstid
  • hjelp til å finna bustad i Suldal
  • moglegheit for fagleg utvikling

 

Spørsmål om stillinga kan rettast til direktør Anna Ehrhardt, 91909132, eller publikumsansvarleg Elisabeth Figenschou, 91901026.

Søknadsfrist: 26. februar

Søknad vedlagt CV og kopier av vitnemål skal sendast som e-post til post@ryfylkemuseet.no, eller eventuelt skriftleg til Ryfylkemuseet, Nordenden 14, 4230 Sand.

Bli Medlem