Folk i Ryfylke 2002

Soga om folkemusikkarkivet for Rogaland er ei soge om ein kamp frå år til år, tidvis ein kamp frå halvår til halvår, for å skaffe eit minimum av midlar til å drive eit innsamlings-, registrerings- og formidlingsarbeid.  Og det er ei soge om ei kvinne som haldt ut år med usikre arbeids- og inntektsforhold til det i 1996, etter 14 år, blei muleg å tilby ho ein fast, heil stilling knytta til arbeidet. Vi var glade, og tykte det var ein siger, da folkemusikkarkivet endeleg blei oppretta, og vi fekk midlar til fast lønna medarbeidar. Men eigentleg er det ei soge om offentleg fattigdom og mangel på politisk prioritering av kulturområdet.

Tradisjonsmusikken, -songane, og -dansane handlar om glede og sorg, om djup religiøsitet, om erotikk og om eit innhald i kvardag og helg som både knytte seg til og som frigjorde frå handlingar og materielle omgjevnadar. Tradisjonane var ein del av limet som heldt folk saman, men folkemusikken kunne og vera grenseoverskridande og skape utvegar som den enkelte elles ikkje såg i eit tilvere bunde opp i tronge økonomiske og sosiale vilkår.

Vi håper dette heftet både kan fungere som eit førebels oversyn over stoda 20 år etter at det blei spurt om Rogaland var den kvite flekken på folkemusikkartet, og at det kan dokumentere ei tilfredsstillande forvalting av dei pengane som er stilt til rådvelde for arbeidet med å bygge opp eit folkemusikkarkiv i Rogaland.


Pris kr 150,- (frakt kjem i tillegg).

Du kan kjøpe boka i museumsbutikken på Nesasjøhuset.

Bøkene kan også tingast her.

INNHALD

Desse artiklane finn du i årboka, i tillegg til årsmeldinga.


Roy Hæibo; Den kvite flekken på folkemusikkartet


Holger Austvoll; Holger Barkved – samlaren, læraren, musikaren og skribenten


Ingvar Olimstad; Olav Bråtveit – spelemann og felemakar


Halvdan Magnus Hansen og Dag Bjørkedal; Leiv Mæle – treskjerar og spelemann


Sigurd Gjerde; Folkemusikk og spelemannstradisjonar i Strand


Svein Kåreson Søyland; Minner frå møtet med Ivar Fuglestad


Kjell Bitustøyl; Myllarguten i Suldal


Siri Dyvik; Suldalsspringaren


Brit Guggedal; Springar med bestemor


Sigurd Sandvik; Møte med Erik Børkjenes


Vegar Vårdal; Runddans med bygdedansvri – særtrekk ved musikk – og dansetradisjonen i Bjerkreim


Hanne Lund-Johansen; Trekkspill i indre Ryfylke – glimt frå trekkspillets historie frå 1885 til 1950


Ingun Bjorland; Songen etter far og mor


Trygve Brandal; Olav Vigane – eit portrett


Ruth Anne Moen; Berta Rafdal og salmesongen


Dagny Åbø; Songleik og annan leik i Åbø-byen i 30-40 åra


Ruth Anne Moen; «Den runde tonen»


Ernst Berge Drange; Folkemusikarar i Ryfylke på 1600-talet


Ruth Anne Moen; Folkemusikkarkivet for Rogaland – frå felt til formidling


Silje Vige; Ein arkivbrukar fortel


Åshild Vetrhus; Det handlar om nytt hav

Bli Medlem