Folk i Ryfylke 2014

Det er Håland som er temaet i denne årboka. Storgarden i Erfjord som er blitt eit av dei flottaste museumsanlegga våre. Eit heldig samantreff av tidleg interesse for bygningane og historia til garden, ei raus gåve frå Olga Oppedal på Barkeland, og energisk innsamling av gjenstandsmateriale  til Erfjord bygde­ museum, har gjort at vi i dag kan vise fram ein eine­ ståande rikt utstyrt velstandsheim slik han såg ut på slutten av 1800­talet.

Det tok lang tid frå Hadle Håland ga bort Målastova og Homannsbua i 1960, til Håland var klart for opning som storgardsmuseum i 2002. Resultatet var ein følgje av sterkare interesse for Ryfylke etter at det tidlegare Rogaland folkemuseum var gjort om til regionmuseum for Ryfylke. Med opninga av Håland var også den øvre delen av det sosiale og økonomiske sjiktet i det gamle bondesamfunnet dokumentert. Det er interessant å merke seg at i Ryfylke kom husmanns­ plassen først, deretter minna om dei meir jamne tilhøva, før det var tid for å ta vare på minna om dei velståande.

Vi håper artiklane skaper interesse for å sjå staden. Opningstidene og arrangement på Håland blir kunngjort på heimesida vår.


Pris kr 350,- (frakt kjem i tillegg).

Du kan kjøpe boka i museumsbutikken på Nesasjøhuset.

Bøkene kan også tingast her.

INNHALD

Desse artiklane finn du i årboka, i tillegg til årsmeldinga.


Ryfylke-eliten og garden Håland; Ernst Berge Drange


Ei familiehistorie gjennom eit halvt tusen år; Ernst Berge Drange


Hus og heim på Håland; Grete Holmboe


Målastova på Håland; Anne Ytterdal


Hålandsbibelen; Trygve Brandal


Hålandsosen – sentrumsutvikling i fjordbygda Erfjord; Kjersti Moe


Bedehuskulturen i Erfjord; Anette Opheim


Musikklivet i området rundt Håland; Sveinung Søyland Moen


Storgardsmuseum  i Erfjord; Roy Høibo

Bli Medlem