Folk i Ryfylke 2019

Ryfylke før og nå er tittelen på årboka til Ryfylkemuseet for 2019. Museet har henta fram gamle foto frå eige og andres fotoarkiv og sendt fotograf Lise Bjelland og årboksredaktør Roy Høibo ut for å finne ut korleis det ser ut i dag. Lise Bjelland er frilans fotograf med sterk tilknyting til Ryfylke. Roy Høibo leia Ryfylkemuseet frå 1981 til 2015 og er godt kjent i regionen.

Det er blitt ei bok med gamle og nye foto som viser endringar i landskap, busetnad og levemåte, og som også byr på møte med folk som har hjelpt til med opplysningar om stadene fotografia er i frå og historia som er knytt til stadene. Og det er ei bok som viser at eit bilde av og til kan seia meir enn tusen ord. Boka er på 212 sider og har foto frå alle dei åtte kommunane som fram til årsskiftet hører til i Ryfylke-regionen. Slik er boka også ei påminning om kva som definerer Ryfylke i ei tid med store endringar både i kommunestruktur og kommunikasjonar.

Boka inviterer til mimring og til refleksjon, skriv museumsdirektør Anna Ehrhardt i forordet, det er ei bok med fotografi som fortel mange små og store historier om folk, om stad og hus, om livet i Ryfylke og endringane som har vore dei siste 100 åra – og ikkje minst om mykje som fortsatt finst.


Pris kr 400,- (frakt kjem i tillegg).

Du kan kjøpe boka i museumsbutikken på Nesasjøhuset.
Bøkene kan også tingast her.

Bli Medlem