Folk i Ryfylke 2022

Ryfylkerøyster er tittelen på årboka til Ryfylkemuseet for 2022

I fjor haust bestemte vi i Ryfylkemuseet oss for at vi skulle våge oss på eit svært – og svært følsamt – tema: sjølve språket. Nærare bestemt skulle årboka handle om nynorsk, ryfylkedialekt og språkidentitet. Språk er ikkje det enklaste temaet å skrive om. Språk er ein sentral del av kulturarven og noko alle har eit eller anna forhold til. Dialekt er ein viktig del av eigen identitet, og vi brukar språk kvar dag. Samtidig er språket òg ein av dei mest flytande delane av kulturarven fordi det er i konstant utvikling. Når vi begynte arbeidet med årboka for om lag eit år sidan, ville vi lage ei bok som kunne fortelje ikkje berre om nynorsk som skriftspråk, men også om ryfylkedialekta – og vi ville få fram den store emosjonelle betydninga som språket har for identiteten vår.

I år har me hatt redaksjonell hjelp frå Skriveriet AS på Sand og i arbeidet hadde dei følgjande rettesnor: «Sjølv om Ryfylkemuseet vil ha ei årbok om nynorsk, betyr det langt frå at nynorsken i seg sjølv er mogen for museum.» Dei seier vidare:

Korleis står det til med den skrivande ryfylkingen i dag? Det var dette me ville utforska. Me ville finna journalisten, forfattaren, politikaren, bloggaren, skuleeleven, pensjonisten. Ja alle som nyttar skriftspråket i kvardagen sin. Nøkkelspørsmålet var:

«Kva har dialekten og nynorsk hatt å seia for deg som skrivande?»

Og me trefte blink. Temaet engasjerte, og det var lett å vera på friarferd ute i Ryfylke-terrenget. Folk hadde sans for spørsmålet, og begeistringa var stor. Sjargongen på Skriveriet var jubel for kvart pling i innboksen. Det kom ja etter ja på førespurnadene våre. Bingo! Me hadde treft ein nerve og hausta fort inn stjernespelarar til laget.»

Årboka 2022 har blitt ei årbok med «magasinkjensle» som me er veldig stolte av og som me håpar at du og vil lika.


Pris kr 175,- (frakt kjem i tillegg).

Du kan kjøpe boka i museumsbutikken på Nesasjøhuset.
Bøkene kan også tingast her.

INNHALD

Desse artiklane finn du i årboka, i tillegg til årsmeldinga.


Forord


Språket vårt blømer kvar gong me opnar munnen | Redaktørane


Lunch | Børge Lund


Å vera heime i språket | Aslak Sira Myhre


Soga om Jon og korleis tjørna i Baksmett fekk namnet Hest-tjørn | Inger Bråtveit


Stor kos i språkskogen | Filip Missuno


Livet som nynorsking | Sigrid Bø Grønstøl


Dialektprosjektet i Suldal


Ung i Ryfylke – skrivekonkurranse


24 ryfylkingar


Årsrapport for Ryfylkemuseet


 

 

Bli Medlem