SAMLING 2020: Bygningsvern – museumsnettverk for tradisjonshandverk

Vertsmuseum for nettverket, Ryfylkemuseet, ønskjer velkomen til samling på Sand og andre vertsmuseum i oktober 2020.

Tema i år er Moderne handverkarar med tradisjonelle kunnskapar.

Me ønskjer å belyse korleis stoda er på musea – kva er behovet, korleis utdannar me nye handverkarar? Kva slags tilbod finst det der ute, og kva saknar me? Det blir sjølvsagt òg årsmøte for nettverket.

Denne gongen er det òg presentasjonar av HårF-prosjekt (nettverksprosjekt om handverksforsking) i forkant av nettverkssamlinga, kor det er mogleg for andre enn berre deltakarar i prosjektet å lytte til presentasjonane. Meir info om dette kjem etter kvart.

I år er me inne ei spesiell tid, og difor blir det eit litt anna opplegg enn vanleg. Me har lagt opp til at deltakarar vel det vertsmuseet som er nærast dei, og reiser dit. Grunna smittevernomsyn er det eit tak på 20 personar på kvar stad. Er det fullteikna, eller om du ikkje har moglegheit til å reise, er det også mogleg å delta frå kvar enkelt sin arbeidsstad via nettet.

Samlinga vil bli gjennomført via Teams. Deltek du frå din eigen arbeidsstad må du sørgje for kamera og mikrofon og eit stabilt internett. Meir info med invitasjonslenke vil bli sendt ut etter kvart.

Program i pdf-format kan lastast ned her.

Påmeldingsfrist: 5. oktober kl 12.00

Varigheit: 2 dagar

Dato: Onsdag 21. oktober – torsdag 22. oktober 2020

Stad: Ryfylkemuseet, Suldal / Telemark Museum, Skien / Norsk Folkemuseum, Oslo / Rørosmuseet, Røros / Midt-Troms Museum, Bardufoss

Onsdag 21. oktober

11.30 – 12.30 Registrering og lunsj

12.30 – 12.45 Velkomen v/Anna Ehrhardt, direktør – Ryfylkemuseet

12.45 – 13.30 Bygningsvernundersøkinga i Rogaland v/Kirsten H. Fosstveit

13.30 – 13.35 Kaffipause

13.35 – 13.50 Utdanningssystemet med skråblikk frå bygningsvernsida – Rørosmuseet

13.50 – 14.50 Erfaringsutveksling – opplæring av nye (tradisjons?)handverkarar (gruppediskusjonar)

14.50 – 15.00 Kaffipause

15.00 – 16.00 Kvar gruppe presenterer

ca. 18.00 Middag og sosialt opplegg ved kvart vertsmuseum

 

Torsdag 22. oktober

09.00 – 10.30 Nettverksmøte

10.30 – 10.40 Oppsummering og avslutting av digital fellesdel

10.40 – 10.45 Kaffipause

10.45 – 12.00 Diskusjon og innspel til bygningsvernkongressen 2021

11.00 – 12.00 Praktisk innslag ved kvart vertsmuseum

12.00 – 13.00 Lunsj

13.00 – 13.30 Oppsummering og avslutting ved kvart vertsmuseum

Bli Medlem