Ryfylkemuseet søkjer etter økonomirådgjevar

Kan du økonomi og har lyst å jobbe i ein kulturinstitusjon?

Ryfylkemuseet har oppretta ei ny fast stilling som økonomirådgjevar, med arbeidsstad på Sand i Suldal. Vi er eit aktivt regionmuseum i utvikling og søkjer nå etter ein kollega som likar å jobbe med varierte oppgåver i ein organisasjon i vekst. Ryfylke bygningsvernsenter er ei ny avdeling i museet. Bygningsvernsenteret tilbyr tenester innan bygningsvern og tradisjonshandverk til eigarar av verneverdige bygningar. Vi har spisskompetanse i faget, men vil få med oss ein person som kan styrkje kompetansen til museet innan økonomi og forretning. Vi har også planar om å etablere eit heilt nytt butikkonsept, bygningsvernbutikken.

 

Arbeidsoppgåver

Du vil ha ei sentral rolle i økonomiarbeidet vårt og få ei nøkkelrolle i den administrative og økonomiske oppfølginga av bygningsvernsenter og bygningsvernbutikk. Begge er under utvikling, og rett person vil kunne vere med på utvikle dette tilbodet frå museet i stor grad. Du vil også fungere som vara for kontorleiaren og i den rolla vere ein del av leiargruppa.

Sentrale arbeidsoppgåver til vere

  • rekneskapsrelaterte oppgåver
  • kontraktar og kundeoppfølging
  • prosjektbudsjettering, søknadsskriving, økonomisk rapportering og liknande i samarbeid med avdelingsleiarane og direktøren
  • bistand til årsrekneskap og rapportering
  • innkjøp, administrativ oppfølging av butikk
  • utvikling av bygningsvernbutikken, inkludert nytt system for lagerbehaldning, drift av nettbutikk m.m.
  • andre administrative oppgåver etter behov

Kvalifikasjonar

Stillinga krev at du har høgare utdanning på masternivå innan økonomi, økonomiadministrasjon eller liknande. Relevant erfaring er også ønskjeleg. Kandidatar med mindre utdanningsgrad, men særleg relevant erfaring vil også bli vurderte. Vi ønskjer oss ein kollega som jobbar strukturert og har god forretningsforståing.

For oss er det svært viktig at du passar inn i teamet og kan stå for verdiane til museet. Personleg dugleik vil difor vere ein viktig faktor for oss. Det blir stilt krav til generelt god IT‑kompetanse, og du må meistre norsk munnleg og skriftleg. Kjennskap til digitale rekneskapssystem er ein fordel.

Er du analytisk og nyfiken og kan både sjå det overordna bildet og kvalitetssikre detaljane? Synest du det er spennande med ein variert arbeidskvardag der utviklingsoppgåver og meir rutineprega oppgåver går om kvarandre? Likar du å jobbe med menneske og er opptatt av å etablere god dialog med kundar? Trivst du i eit miljø der du kan påverke strategiske vegval, men også er forventa å ta ansvar for eigen arbeidskvardag? Dersom dette høyrest spennande ut, håpar vi du tar kontakt!

 

Dette kan vi tilby

  • Fast, full stilling i vakre Ryfylke. For rett person kan deltidsstilling vurderast.
  • Interessante arbeidsoppgåver i eit innovativt miljø med gode og kompetente kollegaer
  • Kontorplass med universell tilrettelegging
  • Organisasjon med god økonomi og spennande framtidsplanar
  • Løn etter avtale
  • Pensjonsordning i KLP

Mangfald er viktig for oss. Om du er kvalifisert for stillinga, er du velkommen som søkjar uansett kjønn, alder, kulturell bakgrunn, nedsett funksjonsevne eller hòl i CV-en. Unge arbeidssøkjande er velkomne til å søkje.

Spørsmål om stillinga kan du rette til direktør Anna Ehrhardt, aneh@ryfylkemuseet.no, eller til kontorleiar Sanja Ignjatic, 480 62 758.

 

Søknadsfrist: 30. mars 2023

Søknad

Søknad med CV og kopi av relevante vitnemål og attestar sender du til post@ryfylkemuseet.no eller til Ryfylkemuseet, Nordenden 14, 4230 Sand. Referansar vil vi be om i eit eventuelt intervju.

All informasjon blir behandla konfidensielt fram til søknadsfristen går ut. Vi vil så utarbeide ei offentleg søkjarliste. Søkjarar som ikkje ønskjer å stå på lista, må opplyse om dette særskilt i søknaden. Etter offentleglova kan opplysningar om søkjaren gjerast offentlege sjølv om søkjaren har bedt om å ikkje bli ført opp på søkjarlista, jf. offentleglova § 25 andre leddet. I så fall vil vi ta kontakt og gjere det mogleg å trekkje søknaden.

 

Om Ryfylkemuseet

Ryfylkemuseet er eit kulturhistorisk museum stifta i 1981 med 19 fast tilsette og eit par større prosjektstillingar. I tillegg kjem vertar og sommartilsette. Vi har samlingar og anlegg i og frå heile Ryfylke-regionen. Museet har hovudsete og kontorstad på Sand i Suldal. Administrasjonsspråket er nynorsk.

Dei viktigaste satsingsområda for museet er immateriell kulturarv med vekt på bygningsvern og folkemusikk og -dans og dessutan samfunnsrolla vår der vi har merksemda retta mot inkludering og mangfald, klima og miljø. Særleg bygningsvern og tradisjonshandverk er ein sentral del av arbeidet vårt. Difor har museet etablert Ryfylke bygningsvernsenter. Som ein del av den vidare utviklinga av bygningsvernsenteret ønskjer vi å etablere ein bygningsvernbutikk.

Bli Medlem