Folk i Ryfylke 2006

Det har gått 25 år sidan Rogaland Folkemuseum blei gjort om til regionsmuseum for Ryfylke. Den gongen var museet eit einmannsmuseum med smålåte budsjett. I jubileumsåret rår vi over ein personalressurs på 11 årsverk og eit budsjett på 7.4 mill. kroner. Den sterkaste veksten har kome dei siste åra. Samtidig har vi tatt på oss eit sterkare ansvar for ein museumsregion som omfattar åtte kommunar og dekker om lag halve Rogaland i areal.

Med bakgrunn i arven frå Rogaland Folkemuseum er bygningshistoria og bygningsvernet eit av hovudarbeidsområda våre. Eit anne er arbeidet med å bygge opp eit folkemusikkarkiv for heile Rogaland og formidle song-, musikk- og dansetradisjonar. Eit tredje å drive med lokalhistorisk forsking og bygdebokskriving. Eit fjerde å inkludere den fleirkulturelle utfordringa i museumsarbeidet.

Hovudutfordringa er likevel å utvikla ein museumsmodell som lukkast med å kombinere lokal aktivitet med eit nasjonalt og helst globalt perspektiv. Vi lever i ei tid da nærmiljøet, det ekte, det varige og det berekraftige ser ut til å få større verdi att. Museet står midt i dette og kan bidra til å løfta fram dei verdiane som er særeigne for Ryfylke og som kan bidra til å skape ei positiv utvikling for eit distrikt som ei tid har slite med fråflytting.


Pris kr 200,- (frakt kjem i tillegg).

Du kan kjøpe boka i museumsbutikken på Nesasjøhuset.

Bøkene kan også tingast her.

INNHALD

Desse artiklane finn du i årboka, i tillegg til årsmeldinga.


Roy Høibo; 25 år i Ryfylke


Trygve Brandal; Samlingar på kvart eit nes


Grete Holmboe; 56 bygningar på rot


Ruth Anne Moen; Frå kvit flekk til eksportartikkel


Tora Aasland; Fortell historien


Jon Godal; Handlingsbroen kunnskap


Grete Holmboe; Jakta på byggjeskikken


Roy Høibo; Frå Sandsbygda til Somalia


Bli Medlem