Folk i Ryfylke 2009 - Kvitsøy Hummermuseum

Dei siste åra har Kvitsøy vore ein av dei travlaste arbeidsstadene for staben ved Ryfylkemuseet. I lag med ein god gjeng av frivillige hjelparar, og med god støtte frå Kvitsøy kommune, Rogaland fylkeskommune og private sponsorar har vi etablert ei museumsavdeling med høg standard på utstillingar og møterom.

Den første utstillinga, «Hummeren – frå teine til sølvfat», blei opna i 2006. Neste utstilling, «Fiske året rundt» alt året etter, og til sommaren 2009 var utstillinga «Båten og motoren» klar i underetasjen i sjøhuset på Grøningen. Til saman gir desse utstillingane eit godt innsyn i liv og verksemd på Kvitsøy.

Nå er utfordringa å få ei god drift av museet. Vi meiner det er eit stort potensiale for godt besøk, og dermed for ein brukbar økonomi i drifta. Kvitsøy kommune har dessutan kjøpt nabohuste, så utviklinga av museet på Kvitsøy er ikkje ferdig.

 


Pris kr 200,- (frakt kjem i tillegg).

Du kan kjøpe boka i museumsbutikken på Nesasjøhuset.

Bøkene kan også tingast her.

INNHALD


Trygve Brandal; «Men der leikade fiske nedi kavet» – Glimt frå Kvitsøys fiskerihistorie


Leif Ydstebø; Hummer – biologi, havbeite og oppdrett


Grete Holmboe; Fiskarheimen


Trygve Brandal; «Det var ikkje noko lettlig yrke» – Einar Pedersen fortel om reketråling på Revet


Roy Høybo;  «Det er`kje trudeleg noko av det du seie» – Thorleif Ydstebø og fiskemottaket på Grøningen


Ruth Anne Moen; Revyvisene – ein viktig del av lokalhistoria


Anders Olsen; Lauritz Haaland – Marinemaler frå Kvitsøy med internasjonalt format


Roy Høibo; Kvitsøy Hummermuseum – ei museumsperla ut mot havet

Bli Medlem