Bergteken, emnehefte Lund

Med heftet Honden og katten og grisen ønskjer vi å gjere betre kjent kva som finst av lokale songtradisjonar i Lund, og legge til rette for at stoffet kan takast i bruk.

Heftet inneheld songar som er samla inn i Lund kommune i perioden 2003 – 2009. Innsamlingsarbeidet har særleg vore retta mot småstubbar som har vore sungne for borna og vidareførte frå generasjon til generasjon.
Heftet skulle vere eigna til bruk både i barnehage og skule. Samstundes er dette ein lokalhistorisk dokumentasjon. Songane har høyrt med, og mange høyrer framleis med i det daglege livet i heimane.

Kanskje finn de songar i heftet som de meiner å hugse på ein annan måte. Begge delar er sjølvsagt like rett. Desse songane er blitt sungne noko ulikt frå slekt til slekt og frå stad til stad. Det er typisk for ein munnleg tradisjon som dette stoffet er ein del av. «Honden og katten og grisen» er ein slik stubb som mange sikkert kjenner. Eller var det «Katten og pusen og pisen»? Dei gjekk seg i alle fall ein tur utpå isen – .

Alle som kjøper heftet, får med ein cd der alle songane er sungne inn, slik at dei skal vere lette å lære.


Pris kr 149,- (frakt kjem i tillegg).

Merk at det fins fleire hefter i Bergteken serie. Du kan kjøpe dei i museumsbutikken på Nesasjøhuset.

Bergteken kan også tingast her.

INNHALD

Desse artiklane finn du i boka, alle artiklane er skrevet av Ruth Anne Moen.


Innleiing


Småstubbar og regler

  • Byssa dulla
  • Fuglar og dyr
  • Støls- og gjetsleviser
  • Huldrelokk
  • Ro ro
  • Ride ranke og andre leikeviser og regler
  • Regler
  • Nokre regler utan melodi
  • Finterregler, tåregler 0.l.
  • Ellingar
  • Eit «teiknspråk»-regle
  • Korleis veret blir, og andre teikn

Aukevise


Arbeidstaktsong og rallarviser


Å «hoiste»


Brot frå ein gammal skjemteballade


Spel og dans


Fleire segner


Lære-cd


Kjelder


Litteratur/Fonogram

Bli Medlem