Bergteken, Folkemusikk frå Rogaland

Med verket Bergteken ønskjer vi å gjere deg betre kjend kva som finst av lokale tradisjonar innan musikk og dans i Rogaland og legge til rette for at stoffet kan takkast i bruk.

Bergteken, bind 1 er ei songbok som inneheld eit stort utval av viser og småstubbar frå heile fylket, med tilhøyrande bakgrunnsstoff. Med boka følgjer ein dobbelt-cd, der alle songane er med.

Bergteken bind 2 er ei lærebok til bruk i faga musikk, dans og drama, og med utgangspunkt i lokalt tradisjonsstoff.

Det er første gongen det blir gitt ut eit slikt samla verk i Rogaland, og boka er eit resultat av mange års innsamlingsarbeid, forsking og gjennomarbeiding ved Folkemusikkarkivet for Rogaland, Ryfylkemuseet.

Verket Bergteken hentar namnet sitt frå ei av dei mange segnene om unge jenter eller gutar som blir lokka inn i berget av dei underjordiske – gjerne med vakker musikk.

Ruth Anne Moen er konservator ved Folkemusikkarkivet for Rogaland. Ho har hovudfag i musikkpedagogikk og mellomfag i dansevitenskap. Undervisningserfaring har ho frå både grunnskule og kulturskule med musikkbarnehage, og ho er dessutan folkedansinstruktør.


Pris kr 200,- (frakt kjem i tillegg).

Merk at det fins fleire hefter i Bergteken serie. Du kan kjøpe dei i museumsbutikken på Nesasjøhuset.

Bergteken kan også tingast her.

INNHALD

Desse artiklane finn du i boka, alle artiklane er skrevet av Ruth Anne Moen.


Litt om folkemusikk og folkedans


Frå formelsong til feleslått


Å vil du stevjast med meg?


Leik og dans


Feltarbeid og arbeidsoppgåver


Samspel


Kjelder, litteratur og fonogram


 

Bli Medlem