Folk i Ryfylke 1999

Brødrene af Sand kom heim til Sand 28. august 1999. Brødrene af Sand skulle bevarast som eit flyttande kulturminne. Ideen om å innlemme Brødrene af Sand i samlingane til Ryfylkemuseet oppsto i 1993 da Tryggen Larsen let gjera kjent at han vurderte å selja fartøyet. Det gikk ikkje lenge før Venneforeininga for Brødrene af Sand var etablert med godt over 100 medlemmar. Venneforeininga blei ein viktig medspelar både i arbeidet med å drive saka fram, og i det praktiske arbeidet med restaureringa.

Undervegs  har det vore lagt stor vekt på å få til ein god dokumentasjon både av grunnlaget for dei vala av løysingar som det har vore nødvendig å gjera undervegs, og av sjølve arbeidet.

Det har vore noe tvil om alderen til Brødrene af Sand. Bjarne Eide, den tidlegare eigaren, har vidarformidla ein tradisjon som seier at fartøyet er bygt av ein Straumberg frå Jelsa i 184o åra. Harald Hamre frå Stavanger Sjøfartsmuseum gjer i sin artikkel greie for studier som har ført til at han meiner Brødrene af Sand er den dekksbåten som blei bygt i Vikedal for Truls Nilsson, Bru i 1866.

Ernst Drange knytter Brødrene til fartøyet i Sandsfjordetn og til det jektemiljøet som har vore på Sandslandet. Vi setter også historia i ein større samanheng, og har artiklar om sandfarten og ulike transportbehov og om dyrlegeskyssen. Kolbjørn Hauge tar oss med på tur med skuloeungar og sau. Eit meir inderleg forhold til jekta vitnar Per Surnevik om i sin artikkel om <barndommens draum>.

Vi håper det er blitt eit leseverdig tilskott til litteraturen om fartøya og fjordafarten.


Pris kr 120,- (frakt kjem i tillegg).

Du kan kjøpe boka i museumsbutikken på Nesasjøhuset.

Bøkene kan også tingast her.

INNHALD

Desse artiklane finn du i årboka, i tillegg til årsmeldinga.


Anders M. Andersen; Ryfylke i fylket?


Otto Lagarhus; Måter å overleve på i Ryfylke


Erik Fossåskaret; Båt- og ferjereisene reiste bygda sin sosiale kapital


Øyvind Bergøy; Ryfylkelandbruket og framtida


Tormod Skeie; Gardar og «landsteder» på bygdene


Erik Rørtveit; Banketablering på Finnøy


Elvira Ekholdt; Som en pensjonist ser det


Tove Solheim; Folkemusikk i framandt land


Ruth Anne Moen; Folkemusikkarkivet – for fortida eller framtida?


Roy Høibo; Museet som allmenning i bygdeutviklinga


Bli Medlem