Folk i Ryfylke 2004 - Kolbeinstveit

Kolbeinstveit er garden i Suldal der det daverande Rogaland Folkemuseum, nå Ryfylkemuseet, etablerte det første bygdetunet i Ryfylke. Kolbeinstveit er bygningshistorie, historia om framståande representantar for bygdesamfunnet og historia om ein levemåta tufta på jordbruk, skogbruk og stølsdrift. I dag er Kolbeinstveit ein møtestad, ein stad der ein kan komma tett inn på dyra, ein arena der unge og eldre kan oppleva gleda ved å vera med på å stemne og arrangement, ta del i ulike aktivitetar eller smake på tradisjonskosten som blir servert ved det gamle veitslebordet på kjøkkenet.

I dette heftet presenterer vi bakgrunnen og tilbyr eit djupdykk både i gardshistoria og i museumshistoria, i historia til folka som har budd på garden og til ymse anna som har levd i vegger og ilåt.


Pris kr 200,- (frakt kjem i tillegg).

Du kan kjøpe boka i museumsbutikken på Nesasjøhuset.

Bøkene kan også tingast her.

INNHALD


Ernst Berge Drange; Kolbenstvedt – Ei framståande slekt frå Suldal


Grete Holmboe; Hus og heim


Arne Berg; Loftet frå Guggedal


Trygve Brandal og Ernst Berge Drange; Tidlege brukarar, bygselfolk, paktar og husmenn


Trygve Brandal; Produksjonen på garden og i heia


Ruth Anne Moen; Vågsvisa


Eva Songe Paulsen; Oppvekst på Kolbeinstveit


Roy Høibo; Historia før historia


Eva Songe Paulsen; Møll, mitt og mott


Roy Høibo; Lengten etter fortida


 

Bli Medlem