Folk i Ryfylke 2007 - Viga

Marta Thorsen (1842-1924), var einaste dotter i Viga. Ho overtok garden saman med mannen sin Sven i 1875. Dei dreiv garden livet ut, og førde vidare frå ein generasjon til neste dei arbeidsmåtane, den livsstilen og dei verdiane som var knytt til det tradisjonelle bygdelivet.

Ellen Lovise Eiane Brandal (f. 1954) reiste ut for å få seg utdanning, men flytta heim att i 1988 for å overta heimegarden saman med mannen sin Trygve Brandal. Dei valde å føra vidare den driftsforma som generasjonane før dei hadde utvikla, men i kombinasjon med arbeid utanom garden.

Katinka ten Hove (f. 1966) kom frå Nederland til Ryfylke saman med familien sin i 2002 på leit etter ein stad der dei kunne leva tettare på naturen, utvikle ein meir medveten livsstil og bidra til ei positiv utvikling av bygda.

Desse kvinnene er berarar av verdiar som er ulike dei verdiane som ser ut til å dominere samfunnsforminga. Men det er trendar i tida som tyder på at slike verdiar er i ferd med å bli sett høgare att. Det gir håp om ei betre framtid både for oss som but i bygdene frå før, og for dei som gjerne vil flytte hit.


Pris kr 200,- (frakt kjem i tillegg).

Du kan kjøpe boka i museumsbutikken på Nesasjøhuset.

Bøkene kan også tingast her.

INNHALD

Desse artiklane finn du i årboka, i tillegg til årsmeldinga.


Trygve Brandal; Gard og folk i Viga


Grete Holmboe; Bygningane i Vigatumet


Åse T. Jensen; på vandring gjennom eit langt venskap


Anna Elisabeth Østgaard; Bilder frå ein barndom


Roy Høibo; Kulturminne og museum


Trygve Brandal; Sauefolk frå Viga


Grete Holmboe; Helletekking i Hjelmeland


Martin Nag; Myten om Vigavågen og Hjelmeland i Sigbjørn Obstfelders hjerte


Trygve Brandal; Frukt – og bærdyrking i Hjelmeland


Roy Høibo; Garden og livet


Ruth Anne Moen; Folkemusikk i Hjelmeland


 

Bli Medlem