Folk i Ryfylke 2011

Årets utgåve av FOLK i Ryfylke handlar om lekmannsrørsle og bedehuskultur i Ryfylke. Skriftet er resultat av eit bedehusprosjekt som Ryfylkemuseet har hatt gåande. Eit anna resultat av prosjektet er ei utstilling på galleriet på bedehuset Bethel på Finnøy.
Museet tok i ferde med bedehusprosjektet fordi vi har ei målsetjing om å ta opp tema som har vore og er viktige for utviklinga i Ryfylke. Religion, bedehus og lekmannskristendom er opplagt eit slikt tema. Vi er glade for at vi har fått gjennomført bedehusprosjektet, sjølv om det vart i ei mindre utgåve enn opprinneleg tenkt.
Bedehuset er ein del av Ryfylke-sjela og har sett sterkt preg på regionen. Preget var sterkare før, men bedehus er ikkje berre fortid i Ryfylke, det er også levande notid. Verdiane frå bedehuset har prega tankar og haldningar hos fleire generasjonar av ryfylkingar. Forkynninga på bedehuset var noko folk ikkje kunne stilla seg likegyldige til. Når bedehusrørsla var på sitt sterkaste, var ho ein premissleverandør for folk sine verdival. Alle hadde eit forhold til bedehuset, ingen var likegyldig. Gjennom Tone Årtun si framstilling i denne årboka blir du nærare kjend med bedehuskulturen i Ryfylke.


Pris kr 300,- (frakt kjem i tillegg).

Du kan kjøpe boka i museumsbutikken på Nesasjøhuset.

Bøkene kan også tingast her.

INNHALD

Desse artiklane finn du i årboka, i tillegg til årsmeldinga.


Innleiing


Kristendom i Ryfylke før 1800


Haugianismen


Associationer


Kristenfolket i Ryfylke kring 1850


Lars Oftedal


Rosenianismen


Sven Foldøen


Verdiar og handlingar på bedehuset


Kvinnene sin plass


Bedehus og ungdomslag


Korleis blir vekkinga til?


Kan det komma vekkingsbølgjer i dag?


Bedehuset og aktiviteten – Før og nå


Bedehuset og Ryfylkingen i dag


Kjelder


102 bedehus, eit oversyn

Bli Medlem