Folk i Ryfylke 2016

Krigshistorie, leik, bygningsvern, takkebakst, emigrasjon og folkemusikk. Alle desse temaa kan du lesa om i denne utgåva av Folk i Ryfylke. Kulturhistoria til Ryfylke er mangfaldig, og Ryfylkemuseet er involvert i mange spanande prosjekt i arbeidet med lokalhistoria vår.

Denne boka er ei samling artiklar knytt til nokre av prosjekta medarbeidarane våre har arbeidd med det siste året.

 


Pris kr 350,- (frakt kjem i tillegg).

Du kan kjøpe boka i museumsbutikken på Nesasjøhuset.

Bøkene kan også tingast her.

 

INNHALD

Desse artiklane finn du i årboka, i tillegg til årsmeldinga.


All verdas takkebakst; Anne Margrethe Myhre
Erfaringar med kulturutveksling gjennom matlaging – eit samarbeid over fleire år mellom Ryfylkemuseet og Sand Bygdekvinnelag


Kjønnsnormer og sosiale kodar i leik; Eva Lene Gilje Østensen
Undersøking av haldningar og normer knytt til leik – i samband med Ryfylkemuseet si utstilling «Skal me leika?»


Fjøløy fort; Trygve Brandal
Om krigsminnet Fjøløy fort på Mosterøy i Rennesøy kommune


Modernismen kom til Ryfylke; Kirsten Hellerdal Fosstveit
Om kraftstasjonen Sauda III – eit av dei første modernistiske byggverka i Ryfylke


Klimaet trugar bygningsarven; Roy Høibo
Klimaet blir varmare, våtare og villare – kva har det å seia for bygningane på musea?


Restauration, det første norske utvandringsfartøyet; Ernst Berge Drange
Båten Restauration reiste i 1825 med 52 emigrantar frå Stavanger – seinare rekna som dei første norske utvandrarane til Amerika


25 år med song, spel og dans; Sveinung Søyland Moen
Om dei 25 første åra til Folkemusikk- og dansehelga i Suldal

 

Bli Medlem