OMVISING PÅ MS SULDAL

OMVISING PÅ MS SULDAL

Sundag 13. november kl. 11.30-13.30
Strandaneset
(første avkøyring til høyre etter tunnell «Suldalsporten» frå Suldalsosen i retning Nesflaten)

I dei 93 år mellom 1885 og 1978 gjekk MS Suldal – ofte kalt «Suldalsdampen» eller berre «Dampen» – mellom Osen og Nes og transporterte folk og gods. Etter at vegen langs med Suldalsvatnet vart opna, vart båttrafikk erstatta med biltrafikk og MS Suldal gjekk i rute som turistbåt.

Sidan tilstanden etter kvart blei for dårleg måtte båten settast på land. Ryfylkemuseet jobbar for tida med å restaurere MS Suldal og inviterer alle interesserte hjarteleg til å ta ein titt på korleis det står til med restaureringsarbeidet.

Omvising 1 – kl. 12.00
Omvising 2 – kl. 13.00

Museet stiller med bålpanne, pølse, lompe/brød og sosial varme rundt maten. Du er òg velkomen til å ta med deg eigen grillmat.

Pris:
Vaksen 60 kr., barn 30 kr. (inkl. grilling)

 

Arrangementet er ein del av Ryfylkefestival for tradisjon og kultur

divi discount

embed map in email

</

Bli Medlem