Har du lyst å hjelpe oss med å halde museet reint i sommar?

Ryfylkemuseet har eit engasjement som reinhaldar i sommarsesongen i år. I sommarsesongen får vi mest besøk, og då er det ekstra viktig at museet er reint og fint.

Som reinhaldar yt du eit viktig bidrag til å gjere museumsbesøket triveleg for gjestene våre.

Arbeidsoppgåver

Reinhald i publikumslokala, kjøkken, toalett og kontorlokale, eventuelt litt utestell. Primært skal du jobbe på bygnadane våre på Sand, men turar ut til anlegga kan vere aktuelt i blant.

 

Kvalifikasjonar

Vi vil gi opplæring og stiller ikkje krav til utdanning, men det er ein fordel at du har erfaring med reinhald.

Det er også ønskeleg at du har førarkort.

Dette kan vi tilby

  • Sommarjobb på museet, 15. juni 2023 – 15. august 2023
  • 50% stilling, dagtid, med eventuelt rom for utviding
  • Løn etter avtale

Mangfald er viktig for oss. Om du er kvalifisert for stillinga, er du velkommen som søkjar uansett kjønn, alder, kulturell bakgrunn, nedsett funksjonsevne eller hòl i CV-en. Unge arbeidssøkjande er velkomne til å søkje.

Spørsmål om stillinga kan du rette til kontorleiar Sanja Ignjatic, 480 62 758.

 

Søknadsfrist: 10. mai 2023

Søknad

Søknad med CV og kopi av relevante vitnemål og attestar sender du til post (a) ryfylkemuseet.no eller til Ryfylkemuseet, Nordenden 14, 4230 Sand. Referansar vil vi be om i eit eventuelt intervju.

Bli Medlem