Spreke sommarvertar søkes til Li

Ryfylkemuseet er eit kulturhistorisk museum stifta i 1981 med 18 fast tilsette og eit par større prosjektstillingar. Vi har samlingar og anlegg i og frå heile Ryfylke-regionen. Museet har hovudsete og kontorstad på Sand i Suldal. Administrasjonsspråket er nynorsk.

Sommarvertane er underlagt Formidlingsavdelinga på Ryfylkemuseet

Spreking søkes

Sprek fordi du skal ta imot gjester nede ved fjorden og guide dei opp 275 bratte meter. Sprek fordi du skal vise dei rundt i husa i Li. Sprek fordi du skal følge dei ned att dei 275 stupbtratte metrane til fjorden og sprek fordi du antakeleg må gå opp til Li igjen etterpå. Arbeidstida er 6 laurdagar i sommarmånadane ca 6 timar kvar gong

Sentrale arbeidsoppgåver:

  • Du vil henta besøkande ved fjorden og guida dei opp 275 stupbratte meter til garden Li over Hylsfjorden
  • Servere kald drikke
  • Gi omvising i husa
  • Følga besøket ned til fjorden igjen
  • Rydda i hus og tun

Vi søkjer deg som 

  • er ein spreking
  • har førarkort klasse B
  • kan snakke flytande engelsk og norsk (gjerne fleire språk)
  • er ansvarsfull og serviceorientert
  • er sjølvgåande og kreativ
  • ryddig og nøyaktig
  • omgjengeleg

Det er ein fordel om du

  • kan jobba heile sesongen

Vi kan tilby

  • lønn etter avtale
  • eit minne for livet

Spørsmål om stillingane kan rettast til publikumskoordinator, Elisabeth Figenschou
+47 52 79 29 50 / +47 466 80 832 elisabeth.figenschou@ryfylkemuseet.no

Søknadsfrist 24. april 2022

Søknad med CV og kopiar av vitnemål skal sendast som e-post til post@ryfylkemuseet.no eller eventuelt skriftleg til Ryfylkemuseet, Nordenden 14, 4230 SAND

Bli Medlem