Spørjeundersøking

Vil du delta i ei spørjeundersøking?

To studentar ved Norsk Hotellhøgskole, Universitetet i Stavanger, har laga ei undersøking som ein del av masteroppgåva si. Målet med undersøkinga er å sjå på forholdet mellom læremåtar og besøkande sin åtferd i museet. Undersøkinga gjeld for dei som bur i Suldal kommune, og er spesielt for dei som har besøkt våre arrangement og anlegg i denne kommunen.

Spørjeundersøkinga vil ta 5 til 8 minutt. Svara vil vera anonyme og informasjonen vil berre bli brukt i forbindelse med masteroppgåva. Dei første 100 deltakarane som bur i Suldal kommune, og sender inn sitt svar før 30. april 2020 vil få ei lita gåve som takk for hjelpa. (Visst du svarte innan 5. april skal du ha mottatt noko allereie, kontakt t.hongluong@stud.uis.no om du ikkje har motteke noko.)

Undersøkinga finn du her. Ved å klikke på lenka gir du samtykke til å delta i den elektroniske undersøkinga og samtykker til at personopplysningane dine blir behandla til sluttdatoen for prosjektet (sjå her for meir informasjon om prosjektet)

Bli Medlem