Nesasjøhuset
Nesasjøhuset er hovudsetet til Ryfylkemuseet. Huset ligg flott til i Nordenden på den autentiske/idylliske strandstaden Sand. Sand ligg langs Nasjonal Turistvei Ryfylke i Skattkammeret Suldal midt i Ryfylke
Address
Nordenden 14, Sand
Opening hours
Prices
Vaksen 100,-
Born iflg med vaksen gratis
Sjøhuset blei bygd i dei gode sildeåra kring 1850. Her blei nøter og båtar lagra og silda salta. Seinare har huset vore brukt som tønnefabrikk og til ulike lagerformål. Ryfylkemuseet flytta inn i huset i 1991
Her er det utstillingar, museumsbutikk, ein kafé og ei rekke arrangement gjennom året.
Museumsbutikk
I første etasje er det ein flott museumsbutikk med eit godt utval av lokalhistorisk litteratur, lokale handverksprodukt, leiker og honning og mykje meir (du kan og bestille nokre av bøkene våre i nettbutikken)
Kafé
På Nesasjøhuset er det ein fin kafé med utsikt mot Sand og fjorden. Her kan du kjøpe varm drikke og iskrem.
Brødrene af Sand
I sommarsesongen ligg jekta Brødrene af Sand utanfor museet dersom ho ikkje er på tur. Jekta blir på folkemunne berre kalla Brødrene.
Utstillingane
I 2. og 3. etasje finn du både skiftande og faste utstillingar. Det flotte, ljose rommet i 2. etasje blir óg brukt til konsertar og andre arrangement.
Skiftande utstilling
I 2. etasje har me skiftande utstillingar.
Kvitebjørnen
I 3. etasje finn du Kvitebjørnen. Ei interaktiv utstilling for barn som inviterer til leik og fantasi. Utstillinga byggjer på ei forteljing av den lokale forfattaren Rasmus Løland (1861-1907). Løland er ein av dei viktigaste forfattarane innan nynorsk barnelitteratur. I utstillinga møter barna ei eventyrverd der dei kan vandre gjennom forteljinga, kle seg ut, klatre i slotta, leika konge i speglsalen, lage dyr av kongler og kvister eller setje seg ned å lese ei bok.
Nesasjøhuset
Events
Nesasjøhuset
“Se bestemor! Vi danser sammen”
Nesasjøhuset
Kvitebjørnen
Nesasjøhuset